Inkluderande spesialpedagogikk i barnehagar
Ein strategi i høve tidleg innsats og inkluderande fellesskap.
I høve spesialpedagogisk hjelp i barnehagen ynskjer Øygarden kommune ein organiseringsmodell i tråd med sentrale føringar frå Meld. St. 6, der den spesialpedagogiske hjelpa er tett på barnet, og der det er ein god samanheng mellom det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske tilbodet.
Hovudtiltaket er at kvar barnehage i så stor grad som mogeleg har ein fast spesialpedagog, der spesialpedagogen er knytt til leiarteamet i barnehagen, og er med å leie det spesialpedagogiske arbeidet. Målet er å skape gode rutinar og meir effektiv og kvalitativ bruk av spesialpedagogar ute i barnehagen, med moglegheit til å jobbe førebyggjande også utan at barnet er tilvist PPT.
Det skal utviklast fleksible løysningar, kor spesialpedagogen også får jobbe førebyggande i grøn sone, og at det blir tilført naudsynt kompetanse inn i personal gruppa. Barnehagen vil byggje opp kompetanse i det interne støttesystemet, og sjå spesialpedagogen som ein viktig ressurs. I dette inngår også kapasitetsbygging, opplæring, erfaringsdeling og rettleiing av personalet og føresette.
Føremålet med satsinga er at alle barn skal ha eit inkluderande barnehagetilbod som gjer at dei trivst, utviklar seg, oppleve meistring og lærer. Dei barna som treng det, skal få rask og rett hjelp, og det skal vere god samanheng mellom det ordinære tilbodet og dei spesialpedagogiske tiltaka.
Denne satsinga er det som tidlegare vart kalla Pilotprosjektet i barnehagar i Øygarden kommune.
Sist endra 13.08.2024 07.36