Språkarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune skal vere eit universelt tiltak for å gje alle barn og unge god språkkompetanse slik at ein sikrar likeverd, reduserer skilnader og aukar livsmeistringa.
Målet er at opplæringstilbodet gjennom barnehage og skule skal vere slik at dei unge har kunnskap, kompetanse, mot og verdigheit til å fullføre vidaregåande opplæring.
Språkkommunen Øygarden tilbyr kompetanseheving gjennom nettverk og samlingar, men legg og til rette for kompetanseheving internt i barnehagar og skular. På Språkkommunen Øygarden si nettside finn du rekne-, skrive-, og leseplan for skulane i Øygarden kommune, gode lenker til kompetanseheving frå Lesesenteret, Skrivesenteret og Språkløyper.
Nettsida til Språkkommunen
Sist endra 03.07.2024 08.31