Førebuande opplæring for vaksne (FOV)
Førebuande opplæring for vaksne (FOV) er opplæring på nivået under vidaregåande skule. Alle vaksne som av ein eller annan grunn manglar grunnskuleopplæring, har rett til å få gratis FOV.
Opplæringa går føre seg ved Lærings- og integreringssenteret 4 dagar i veka, og målforma er bokmål.
Elevane får opplæring i:
- norsk for språklege minoritetar
- samfunnsfag
- naturfag
- matematikk
- engelsk
Førebuande opplæring skal byggje på den kompetansen du allereie har, og vil ta omsyn til kva du sjølv meiner du treng. Dette blir gjort gjennom ei kartlegging og/eller realkompetansevurdering. Vurderinga vil vere eit grunnlag for å avgjere kva opplæring du treng.
- Måndag er det språk- eller arbeidspraksis.
- Tysdag kl. 09.10 – 12.20.
- Onsdag, torsdag og fredag kl. 09.10 – 14.20.
Timeplan
Opplæringslova § 18-2: Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne.
Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen.
Søk om Førebuande opplæring for vaksne
Søknadskjema for førebuande opplæring (PDF, 211 kB)
Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune v/Lærings- og integreringssenter
Ternhomvegen 2
5337 Rong
eller på e-post til ragnhild.breivik@oygarden.kommune.no
Vi har løpande opptak, så ingen søknadsfrist.
Sist endra 27.03.2025 13.42