Logoped for vaksne

Informasjon om søknad til logopedteneste for vaksne ved Øygarden vaksenopplæring

Kven kan få hjelp?

Du kan trengja kartlegging, rettleiing og undervisning frå logoped dersom du:

  • har tale- og språkvanskar etter sjukdom og skade i hjernen (f.eks. hjerneslag)
  • treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
  • stammar eller har taleflytvanskar
  • har stemmevanskar
  • treng grunnleggjande lese- og skriveopplæring etter skade/sjukdom.

Søknad til logoped

Skriftleg på eige skjema eller anna tilvisingsbrev, f.eks. frå lege.

Du kan få hjelp frå kommunen/vaksenopplæringa til å søkja om logopedteneste.

Søk om logoped (PDF, 213 kB)

Send søknaden til:
Øygarden kommune v/ Øygarden vaksenopplæring
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Pris

Tenesta er gratis.

Saksbehandling

Søknaden vert behandla i inntaksteamet vårt, og søkjar vil ev. få ein konsultasjonstime med logoped, der ein kan få ei vurdering av vanskane, råd og rettleiing.

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan eín månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vert gjort.

Kommunen gjer eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar.

Transportbehov

Dersom du får tilbod hjå logoped, kan du ha rett til fri skyss til undervisninga ved Øygarden vaksenopplæring.

Dersom du treng tilpassa transport, må legeerklæring leggjast ved.

Klage

Ein kan sende klagen til den instansen som har gjort vedtaket innan tre veker frå du mottar vedtaket. I klagen skal du føra opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen kan gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal Øygarden vaksenopplæring vurdera om det er grunn til å endra det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka gå vidare til Statsforvaltaren.

Meir informasjon

Øygarden vaksenopplæring
Telefon 55 09 76 70

Adresse

Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume

Postadresse
Ternholmvegen 2,
5337 Rong