Retningsliner

Øygarden vaksenopplæring skal vera ein trygg stad der alle kan læra og utvikla seg positivt. Respekt og samarbeid er nødvendig for å få ein positiv skuledag. Vi er forskjellige og må ta omsyn til kvarandre.

Alle skal medverka til å skapa eit godt arbeidsmiljø og er forplikta til å retta seg etter dei reglane som gjeld på skulen.

Retningsreglar

Øygarden vaksenopplæring forventar at du:

  • møter presis til alle timane. Kjem du meir enn fem minutt for seint eller forlet ein time før undervisninga er slutt, vert timen notert som ugyldig fråvær
  • gjev skulen beskjed dersom du flyttar eller sluttar
  • har med deg bøker og anna nødvendig utstyr
  • viser god arbeidsinnsats
  • gjer heimearbeid til avtalt tid
  • deltek på ekskursjonar og andre arrangement i skuletida
  • tek vare på alt undervisningsutstyr som høyrer skulen til
  • held orden både inne og ute, ryddar opp etter deg
  • erstattar skade på eigedom eller eigendelar til skulen for inntil kr. 5 000,-
  • brukar mobiltelefonen berre etter avtale med lærar
  • viser toleranse og ikkje krenkjer andre med mobbing, trakassering eller valdsbruk
  • ikke sjikanerer andre deltakarar på grunn av tru, klesdrakt eller måtar å eta på. Kvinner og menn har same rettar. Det er ikkje lov med bøn i undervisningstida
  • av pedagogiske årsaker ikkje nyttar hovudplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet ditt
  • røykjer på lovleg område, og kastar sneipane i askebeger
  • følgjer forbud mot all bruk av rusmiddel i skuletida

Fråværsreglar

Er du vekke fra skulen eller praksis skal du:

  • same dag melda frå til skulen om fråværet. Dette gjer du på SMS på mobilnummer 903 68 095 eller e-post til kontaktlærar
  • første skuledag etter fråværet levera eigenmelding eller sjukemelding om fråværsgrunn og tidspunkt for fråvær
  • gi beskjed til praksisplassen
  • gå til lege, helsesøster og tannlege etter kl. 12.30. Du skal be om ny time dersom du har fått time i skuletida
  • for alt anna fråvær søkja programrådgjevar hjå INTRO om permisjon minst ei veke på førehand

Reglar for bruk av datamaskiner og internett

  • Datamaskinene til skulen er til bruk for deltakarar på skulen og skal behandlast med varsemd. Det er ikkje lov til henta inn, lagra eller vidaresenda rasistisk, valdeleg eller pornografisk materiale
  • Lån av PC berre etter avtale med lærer
Øygarden vaksenopplæring
Telefon 55 09 76 70

Adresse

Grønamyrsvegen 2, 5353 Straume

Postadresse
Ternholmvegen 2,
5337 Rong