Redusert foreldrebetaling - SFO
Årleg foreldrebetalinga i SFO for eleven skal ikkje utgjera meir enn 6 prosent av inntektene til hushaldet.
Foreldre må søka. Ved innvilga søknad blir pris for plass i SFO justert slik at den ikkje overstig 6 prosent av inntektene i hushaldet.
Det er enkelt å søkje, og du slepp laste opp vedlegg då Øygarden kommune hentar inn likningsopplysningar som er nødvendig for å behandle søknaden din.
Dersom du likevel har andre opplysningar om hushaldninga si inntekt som ikkje kjem fram av skattemelding må du laste inn dokumentasjon på dette og sende inn elektronisk saman med søknad.
Slik søkjer du
Du søkjar via Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar.
Søk om redusert foreldrebetaling SFO via Vigilo foreldreportal
Søknadsbehandling
Med hushald meiner ein ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.
Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.
Med inntektene til hushaldet meiner ein hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktige kapitalinntekt.
Dersom grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.
Betaling for kost kan komme i tillegg.
Foreldrebetalinga i Øygarden varierar både med plasstypar på enkeltskular, og mellom skular. Sjå oversikt under for å finna ut samanheng mellom plasstype og inntektsnivå i hushaldet.
Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingar
Frå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at 1., 2. og 3. klassingar som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare.
Eit hushald med inntekt på 400 000 vil få denne reduksjonen: 6% av 400 000 = 24 000,-
Dette betyr at foreldrebetalinga skal vere max 24 000 per år for eleven frå dette hushaldet.
Dersom eleven frå hushaldet har ordinær heil plass til 2 795 per månad (27 950 per år) vil reduksjonen bli: Ordinær: 27 950
6% maks: 24 000
Forskjell på dei to: 3 950
Årleg foreldrebetaling reduserast med 3 950 kroner.
Månadlege faktura for SFO blir justert i tråd med vedtak.
Forskrift til opplæringslova – Reduksjon i foreldrebetaling for elevar frå 1. - 4. trinn
Sist endra 22.01.2025 09.14