Kommunepsykolog for barn og unge

Kommunepsykologane for barn og unge jobbar med førebygging og tidleg intervensjon knytt til aldersgruppa 0 - 18 år og unge mellom 18 og 24 år som er knytt til vidaregåande skule (elev eller lærling). 

Tenesta rettar seg mot barn og unge med milde til moderate psykiske vanskar via konsultasjon, grupper, kurs og rettleiing. Vi jobbar i tillegg med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skape gode helsefremjande arenaer for barn og unge.

Tilbod

  • Kortvarig behandlingstilbod for barn og unge etter tilvising frå helsesjukepleiar/skulelege eller fastlege. 
  • Lågterskel konsultasjonstilbod for foreldre og barn 0-12 år, etter avtale med helsesjukepleiar på Helsestasjon (Straume, Ågotnes, Rong og Skogsvåg).

Drop-in-kurs

Regelmessige kurs (drop-in) om ulike tema, som «Korleis støtte sinte barn», «Korleis støtte engstelege barn» og «Kurs om søvn for barn 0-5 år». (Info på kommunens informasjonskanalar.)

Regelmessige gruppekurs: 

  • Cool kids angstmeistringsgruppe for familier med barn 1.-4. klasse
  • Cool kids angstmeistringsgruppe for barn 5.-7. klasse
  • Chilled angstmeistringsgruppe for ungdom 8.-10. klasse
  • «De utrolige årene» (DUA) førebyggjande foreldrekurs  

Vi deltar i: 

  • Nærversteam
  • BTI-Tverrfagleg drøftingsteam
  • Vald og overgrepsteam

Slik søkjer du

Ta kontakt med helsestasjon, skulehelsetenesta eller fastlege for tilvising. 
For meir info, ring kommunen på 56 16 00 00.

Prisar

Tenesta er gratis.