Referat frå SU-møte 29.oktober 2024

Referat frå SU-møte på Tranevågen 29.oktober 2024

Referat SU 24_25 (DOCX, 20 kB) 

29.oktober 2024

Referent: Kjersti Hatletun

 

Desse møtte: Anais Landro-Messent (elevråd), Emilia Maurens (elevråd), Maria Oen Hanstveit (foreldrerepresentant), Tom Rønshaugen (FAU-leiar), Lars Kvalem og Vibecke Spjeld (pedagogisk tilsett), Britt Laila Ormevik (andre tilsette), Martha Listou (rektor), Kjersti Hatletun (avd.leiar), May Britt Heggholmen (politisk representant)

 

Meldt fråfall: -

SakKort om sakaAnsvar
1

Godkjenning av innkalling

-Ingen merknader

 
2

Konstituering

-Martha Listou er leiar

-Britt Laila er nestleiar

-Kjersti Hatletun er sekretær

 
3

Møteplan og årshjul

Planlagte møter utover skuleåret:

-Tysdag 10.desember 17.00-19.00

-Tysdag 11.februar 17.00-19.00

-Tysdag 29.april 17.00-19.00

 

 
4

Saker frå elevane

-Elevane ønsker seg fleire fotballar og basketballar.

 

-Elevane har ønske om kortbetaling i kantina.

Kommentar frå tilsett; Skulen har forsøkt dette før, men den gongen vart det for tidkrevjande. Dette er ei stund sidan, og ting kan ha endra seg. Andre skular har kortbetaling. Skulen kan undersøke med desse korleis dei løyser situasjonen.

Slik det er no har Tranevågen klippekort i kantina. Dette fungerer greitt. Også føresette melder at dette fungerer fint. Korta må stemplast på baksida, for å unngå misbruk av korta.

 

-Elevane ønsker seg mikrobølgeomn på kvar base.

Kommentar frå rektor; Vi ønsker ikkje å plassere omnar på basene då det er viktig at vaksne har tilsyn med dette (HMS). Vi kan vurdere å skaffe fleire mikrobølgeomnar til å setje i kantina.

 

-Det er utfordrande med mykje kø i kantina. Mange snik i køen, og dette skapar frustrasjon. Rektor har vore i elevrådsmøte for å diskutere denne utfordringa med elevrådet. Vi har landa på å forsøke å regulere køen med sperreband. Mikrobølgeomn og vannkokar plasserast på eit trillebord nær heisen, i staden for ved kantinedisken. På den måten kan vi dele opp køen på ulike stadar. Elevrådsrepresentantar skal rundt i klassane for å orientere om dette. Det kan fungere betre enn om dei vaksne går rundt i klassane.

 

 

5

Saker frå FAU

-Natteramnar

Ordninga skal starte opp att. FAU ønsker å nytte Vigilo til å informere føresette ved skulen.

 

-Skulebruksplanen

FAU har sett på dette, og skrive kommentar. Dette sendast kommunen.

 

Skulebygget / uteområda;

Det er ønske om at elevane har fleire stader ute med tak over enn dei har tilgang på no. Føresette ønsker at elevane må ut i friminutta. Vidare reagerer føresette på at opne basar ved skulen fører til mykje støy.

 

Det er kommentert at kjøkenet ved skulen er for lite, halve klassar må ha undervisning på Ågotnes barneskule.

 

Det er også kommentert at Åse-avdelinga har for få rom.

 

Personalgarderoben har berre tre toalett. Dette er for lite.

 

Kommentar frå rektor; På basen nede er det laga lettveggar som skjermar noko for støy i open base. Dette skal også gjerast på dei andre basene, men tiltaket må vente til nytt budsjettår. Skulen opplever sambruk av bygg med Ågotnes barneskule som velfungerande, sjølv om det hadde vore ønskeleg med nok rom til å ha all undervisning på vårt eige bygg.

 

Kommentarar frå elevane; Opplever ikkje så stor forskjell på open og lukka base. Elevane reagerer ikkje på støyutfordring.

 

 
6

Eventuelt

 

-Utfordringar på skulebussane. Skyss klagar på at elevar bråkar og nyttar stopp-knappen i utide. Nokre gonger skapar dette trafikk-farlege situasjonar. Skulen har gjort ei kartlegging blant elevane, og det kjem fram kva elevar som lagar uro på bussane. Desse elevane kjem til å verte snakka med.

 

-Referat frå SU skal i år leggjast på nettsida til skulen. Dette kan også gjerast med referat frå FAU dersom det er ønskeleg.

 

-Miljøavdelinga ønsker fleire spel og ballar til friminuttaktivitet. Rektor kommenterer at det no er innkjøpstopp i kommunen, og det er vanskeleg å finne økonomisk rom for meir utstyr. Elerådet har noko pengar til gode etter vinterball. Dei kan vurdere om dette er noko dei vil bruke pengar på. Elevrådet vil behandle dette som ei sak.

 

-FAU har snakka om utfordrande bussruter nordover i kommunen. Mange busser går særs tidleg, eller elevar må krysse vegen der det opplevast som vanskeleg. Kanskje kan representant frå Skyss delta på eit FAU-møte? Terminalen ved skulen opplevast som trang og smal, og skulebussane frå skulen er ikkje godt nok merka. Dette fører til unødig trengsel ved den øvre terminalen etter skuleslutt.

 
7

Sakar knytt til det psykososiale skulemiljøet.

-Referatførast ikkje.