BTI nivå 2
PPT rår barnehage og skule til å drøfte konsultasjonssaker på kontaktmøta. Dette gjeld og ved vurdering av logoped.
7. Tilvising om rettleiing på konsultasjon.
Sak blir oppretta hjå PPT.
8. Ved konsultasjon kan PPT blant anna observere læringsmiljø,
ha barne-/elevsamtale, rettleie vaksne, vurdering av logoped.
9. Evaluering av gjennomføring og respons på tiltak (RTI) etter 3 til 6 veker (barnehage/skule). Dersom det er behov for vidare tiltak, kan det skje med støtte frå PPT.
10. Kall gjerne inn til drøftingsmøte med føresette og barnehage/skule, og evt. PPT. Gjer vurdering om behov for tilvising med pedagogisk rapport (sakkunnig uttale).
Dersom det blir tilvising på sakkunnig vurdering, må saksbehandlar hjå PPT først avslutte den. Etter det sender føresette og barnehage/skule ut tilvisingsskjema med pedagogisk rapport og saka blir teken inn på nytt hjå PPT.
Pedagogisk rapport barnehage (PDF, 159 kB)
Pedagogisk rapport skule (DOCX, 62 kB)
Barnehage/skule kan gjerne bruke pedagogisk rapport frå den første bekymringa til det eventuelt blir ei full tilvising hos PPT.
Å ha samla tiltak og effekt av desse alt frå eit tidleg stadium, kan bli viktig informasjon på eit seinare tidspunkt.