Kva skjer etter tilvising til PPT?

Ei tilvising til PPT blir først handsama i inntaksteamet (til PPT). Føresette og barnehage/skule får skriftleg tilbakemelding om saka blir tatt inn eller ikkje. Blir saka tatt inn, vil det også stå kor tid eventuell oppstart i saka kan skje. 

Ei tilvising blir som hovudregel tatt inn dersom nødvendig informasjon og korrekte underskrifter følgjer tilvisinga. Om noko av dette manglar, kan tilvisinga bli sendt i retur til barnehagen/skulen. Det blir tildelt sakshandsamar i kvar sak som PPT tar inn. 

Saker kan tilvisast til PPT på to måtar: 

1.Forenkla tilvising/konsultasjon

PPT kan ved slik tilvising:

  • observere i barnehage/skule
  • samtale med barnet/eleven
  • samtale med føresette
  • samtale med barnehagen/skulen 
  • teste barnet/eleven
  • rettleie

Er saka tilvist som konsultasjonssak, blir det ikkje skrive sakkunnig dokument med vurdering av kor vidt PPT tilrår eller ikkje tilrår spesialpedagogisk hjelp (barnehage) eller individuell tilrettelagd opplæring (skule).  

I nokre tilfelle vil informasjon PPT får inn gjennom den forenkla tilvisinga, gjere at PPT rår til ei full tilvising. Den forenkla tilvisinga må lukkast hos PPT, før den kan tilvisast som full tilvising med vurdering av spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring. 

Barnehage/skule kan ikkje tilvise PPT utan at føresette har gitt samtykke og skrive under på tilvisingsskjema. Føresette kan, utan av barnehage og skule er med, sjølv tilvise til PPT. 

2.Full tilvising

Saksgong ved full tilvising er som regel slik: 

  • Inntakssamtale med føresette. Føresette kan avgjere om det barnet eller eleven skal vere med i denne samtalen. Tema i denne samtalen er informasjon om barnet/eleven, styrkar og vanskar og kva hjelp som ein ønsker. I denne samtalen får føresette og informasjon om PPT og det vidare arbeidet i saka. 

Med utgangspunkt i informasjon i tilvisingsskjemaet og inntakssamtale, kan PPT jobbe vidare på fleire måtar. Døme på vidare saksgang er:

  • observasjon i barnehage/skule
  • samtale med barnet
  • kartleggingskjema (ulike etter kva problematikk det er snakk om)
  • testing (t.d. av språk eller læreføresetnader)
  • innhenting av ytterlegare informasjon frå skule/barnehage eller andre relevante instansar etter samtykke

Ved full tilvising vurderer PPT om det er til barnet sitt beste å få spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring. Er saka tilvist på denne måten, skriv PPT ei sakkunnig vurdering. Den sakkunnige vurderinga kan konkludere med at spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring er til barnet/eleven sitt beste, eller den kan konkludere med at det er til barnet/eleven sitt beste å få hjelp innanfor den ordinære opplæringa i barnehagen/skulen.
Barnehage/skule kan ikkje tilvise PPT utan at føresette har gitt samtykke og skrive under på tilvisingsskjema. Føresette kan, utan at barnehage og skule er med, sjølv tilvise til PPT.

Føresette vil alltid få tilbakemelding på resultat av utgreiinga. Nokre gonger kan det vere behov for tilvising vidare til andre instansar enn PPT. Barnet/eleven vil og få tilbakemelding. Denne blir tilpassa etter alder og modning. I nokre tilfelle vert ein samde om at føresette sjølv gjev barnet/eleven tilbakemelding. PPT gjev også barnehagen/skulen ei tilbakemelding etter at utgreiinga er ferdig. 

Etter at PPT har skrive ei sakkunnig vurdering, skal kommunen fatte vedtak. Det er klagerett på vedtaket. For barn som har sakkunnig vurdering der PPT tilrår spesialpedagogisk hjelp, skal barnehagen utarbeide ein Individuell utviklingsplan (IUP). For elevar der PPT tilrår individuell tilrettelagd opplæring, skal skulen lage ein Individuell opplæringsplan (IOP). Både IUP og IOP skal bygge på det sakkunnige dokumentet som PPT har skrive.  

PPT held saka open i sine system så lenge barnet mottek spesialpedagogisk hjelp eller individuell tilrettelagd opplæring, men er ikkje aktive i alle saker. Ved behov kan skule, barnehage eller føresette be om rettleiing, kompetanseheving eller andre formar for hjelp og støtte. 

PPT skriv journal og oppbevarer denne etter gjeldande forskrifter og lovverk. Føresette og barn over 16 år, har rett til innsyn. Det skjer ved skriftleg førespurnad til PPT.