Skulen har ei innføringsgruppe med elevar frå fleire ulike land som nyleg er kome til Noreg. Vi har ei forsterka avdeling for elevar som treng ekstra tilrettelegging. Tranevågen er og ein praksisskule som kvart år får studentar frå UiB.
Tranevågen har ei lang historie med internasjonalt arbeid, og vi er stolte av å vere ein av få ungdomsskular i Noreg som er akkreditert som erasmus+-skule fram til 2027.
Dagsplan
Oversikt over bussruter til og frå skulen
Rektor
Martha Helen Listou 55 09 63 02
Avdelingsleiar 8.trinn
Vidar Steffensen 55 09 63 06
Avdelingsleiar 9.trinn
Wenche Langva Fjell 55 09 63 07
Avdelingsleiar 10.trinn
Kjersti Hatletun 55 09 63 08
Rådgjevar
- Spes.ped.rådgjevar: Evy Gjengedal 55 09 63 01
- Sos.ped.rådgjevar: Charlotte Feste
- Migrasjonsrådgjevar: May Gunn Heimark 55 09 63 05
Rådgjevar for yrkesval og søknad vidaregåande skule
- Ingrid Larsen 55 09 63 05
Lenke for ungdommar om utdannings- og yrkesval:
Gratisprinsippet
Gratisprinsippet byggjer på Opplæringslova § 2-15. Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring
Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.
Grunnen til at opplæringa er gratis er at den skal være inkluderande, slik at alle elevar kan delta på lik linje, uavhengig av økonomisk bakgrunn. Dette gjeld både undervisningsmateriell og faglege og sosiale aktivitetar som skolen arrangerer som ein del av opplæringa. Skolen og kommunen kan heller ikkje krevje eigenbetaling for aktivitetar som er ein del av opplæringa, men som foregår utanfor skoletida. Mat, drikke, nødvendige klede og anna utstyr som ikkje er undervisningsmateriell, vil foreldra måtte dekke.
På nettsida til Udir kan du lesa meir om gratisprinsippet
Kantine
Her på Tranevågen ungdomsskule har vi ei flott kantine som er open i storefri tysdag, onsdag og torsdag. Det er elevane på Arbeidslivsfag som har ansvaret for å lage og selje mat i kantina.
I kantina kan elevane handla sunn mat som yoghurt, rundstykke med pålegg, juice og nokre dagar varm mat.
For å handle i kantina treng elevane eit kantinekort. Dette kan ein kjøpe for 200,- eller 400,- på Vipps #131498 Tranevågen ungdomsskule. Send skjermdump med kontrollbilete som viser beløp og dato til kontaktlærar på Transponder når de har betalt.
Det er mange elevar som handlar i kantina så det kan vera lurt å ha med matpakke dersom ein vil unngå å stå i kø.
Fotogalleri