Eksamen

Her finn du nyttig informasjon om skriftleg- og munnleg eksamen og klagefristar.

Skriftleg eksamen

Kvar elev kjem opp i eitt fag. Skulen kan få grupper opp i alle fag (matematikk, engelsk, norsk). Tidsplanen er sett opp ut frå det. Prøvene startar klokka ni, men alle møter halv ni slik at vi får gått gjennom reglane og prosedyrane ved eksamen før oppstart. 

Førebuingsdagar

Førebuingsdagane er skuledagar med vanleg møteplikt.

Lærar er tilstades for å hjelpa og svara på spørsmål. Elevar som er sjuke førebuingsdagane, skal likevel møta til prøva. Elevar som ikkje møter på prøvedagen, må leggja fram legeattest. Elevar som er fritatt for vurdering i sidemål, skriv alle oppgåver på hovudmål.

Spesielle ordningar

Elevar som treng utvida tid på prøva, t.d. pga lese-/ skrivevanskar, allergi e.l. kan søkja skulen om dette innan 1. mai. Elevar med allergi må levera legeattest.

Sensur skriftleg

To sensorar vurderer kvart elevsvar etter retningsliner som eksamensoppmennene i landet arbeider ut.

Munnleg eksamen

Munnleg (lokalt gitt) eksamen blir arrangert etter to ulike modellar: Individuell prøve m/24 t førebuingstid.

Parvis prøve m/24 t førebuingstid. Elevane blir vurdert individuelt same kva for modell som er valt. Skulen vel modell ut frå undervisningsopplegg og elevane sine ønskje. Alle elevar har rett på individuell prøve.

Standpunktkarakterar

Elevane får greie på skriftlege og munnlege standpunktkarakterar, og karakterar i orden og åtferd 29. mai. 

NB! Karakter i orden og åtferd kan endrast heilt til eleven blir utskriven.

Klage

Elevar som meiner at dei har fått for dårleg karakter, kan klaga. Klageretten gjeld både standpunktkarakterar og karakterar ved avgangsprøva. Klageretten på standpunktkarakterane går ut 12. juni. Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Ny frist gjeld frå det tidspunkt klagaren har fått grunngivinga (§ 5-5).

Før eventuell klage på standpunktkarakterane, skal føresette/eleven be faglæraren om ei munnleg eller skriftleg grunngjeving for karakteren. Dersom føresette/eleven framleis finn at karakteren er urimeleg, kan dei senda skriftleg klage til Fylkesmannen v/Utdanningsavdelinga gjennom rektor. Fylkesmannen kan be om at karakteren blir vurdert på ny. Den nye karakteren som skulen gir, er endeleg.

Elevar som meiner at dei har fått for dårleg karakter etter det dei har prestert til skriftleg avgangsprøve, bør først snakka med faglæraren sin, som kan låna ut svaret frå arkivet på skulen. Faglærar vil så vurdera om det har noko for seg å senda klage. Ved eventuell klage blir elevsvaret vurdert av to nye sensorar. Den nye karakteren er endeleg.

Ved munnleg prøve kan ein berre klaga over formelle feil t.d. inhabilitet hos sensor eller faglærar, eksaminasjon utanom pensum o.l. Er klagen rettkomen, skal karakteren strykast, og eleven får høve til å ta ny prøve.

Klagefristar

Klagefristen er 10 dagar for skriftleg prøve, munnleg prøve, standpunktkarakterar og karakterar i orden og åtferd.

Klagefristen tek til den dagen elevane får greie på karakterane.