Elevråd

Ved kvar grunnskule skal det for trinna 8-10 vera eit elevråd med ein representant for kvar klasse. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.

Eit medlem av undervisningspersonalet på skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings – og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

Elevråd 2024-2025

Elevrådskontakt skuleåret ved skulen 2024/25: 

Elevrådsrepresentantar
Klasse Tillitsvald Vara
8A
8B
8C
8D
9A
9B
9C
9D
9E
10A
10B
10C
10D