Samarbeidsutval (SU)

Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for FAU, to for elevane og to for kommunen.

FAU vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for FAU skal vere den eine av representantane. Den eine av representantane for kommunen skal vera rektor ved skulen. Elevrepresentanten skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Møtedatoar 2024/2025

SU har tre faste møte i året.​​​​​

I tillegg vert SU kalla inn gjennom året når det er aktuelle saker. Faste møte  kan gå ut dersom det er semje om det mellom medlemmene. Dette vert avklart via epost eller telefon.