Ungdommens kommunestyre (UKS)

KS er eit interesseorgan som drøfter/påverker kommunale saker som vedkjem dei unge gjennom fast møteverksemd. UKS er ein høyringsinstans, og då er det viktig at dei kjem tidleg inn i prosessen der store saker skal handsamast.

Utvalet har om lag seks møter i året. Det er ti representantar med vara, i alderen 13-19 år. Alle er valde frå vidaregåande- og ungdomsskular eller ungdomsklubbar i kommunen. UKS har sine møter i komitésalen på rådhuset, og møtene er opne for alle. 

Sjå nettsida til Øygarden kommune for meir informasjon og møtedato