Praktisk informasjon

Barnehagen skal vere ein trygg og god plass for både små og store; Vi prioriterer derfor eit tett samarbeid med foreldra til det beste for barnet. Kvar dag er det eit uformelt møte i garderoben, der barn og foreldre skal bli sett, møtt og ivaretatt. Informasjon blir utveksla.

Dagen vår

Dagen vår
Klokkeslett Aktivitet
07.00 Barnehagen opnar. Barna startar dagen i sitt eige tempo og etter eigne ønske. Nokre vil kose seg på eit fang med ei god bok, andre kjem fort i gang med leik, mens nokre venter på bestevenen; ”Kjem han/ho snart?”. Vi vektlegg ein roleg start på dagen.
08.30 Frukost; Vi tek oss god tid ved frukostbordet; ”Kva har vi gjort på sidan i går? Kva skal denne dagen innehalde?”
09.00 - 10.00 Etter frukost er det frileik ute eller inne. Kvar tysdag har vi ei felles sangstund kl 09.30, der begge avdelingane samlast på midten.
10.00 - 11.00 Samlingsstund har vi kl 10.00. Ei samling kan innehalde: - Song - Rim og regler - Ei pratestund - Dramatisering av bøker og eventyr - Tar opp tema som står på månadsplanen Etter samling er det ulike aktivitetar i barnehagruppene: Det kan vere baking, formingsaktivitet, dramaleik, trim / dans til musikk, språktrening, høgtlesing eller tur. Dei minste barna har uteaktivitet i løpet av denne tida. Kvar onsdag vert barna inndelt etter alder på tvers av avdelingane.
11.30 Vi gjer oss klar til å ete lunsj; toalettbesøk og handvask. Ei lita sangstund i garderoben mens vi ventar på kvarandre.
Ca. 11.45 - 12.15 Smørelunsj fira dagar i veka og varm lunsj ein dag i veka. Inneverande år er det om fredagen vi har varm lunsj. Er det fint ver et vi gjerne luns ved borda på uteplassen eller inn i skogen bak barnehagen. Nokre gongar et turgruppene maten sin ute og kjem ikkje heim til lunsj.
12.30 - 14.30 Utetid. Vi nyttar både leikeplassen og områda rundt barnehagen utetida. Barna skal oppleve glede av å vere ute i all slags ver og vi er avhengig av at dei har høvelege klede tilpassa det ver og den årstid vi er i.
14.45 - 16.30 Barna får servert frukt. Medbrakt matpakke. Frileik ute/inne til dei vert henta.