Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 17

Gjennomslag i første av fire tunnelar Sotrasambandet

Den 24. april var det gjennomslag for det nordlege løpet av Kolltveittunnelen. Dette skjedde 10 månader etter at første salve vart avfyrt på vestsida av Kolltveit. Gjennomslaget i det nordlege løpet skjer eit lite halvår før fristen i OPS-kontrakten med Statens vegvesen.
Les meir.

Linda Asphaug vart «Årets eldsjel 2024»

- Eg vart først og fremst overraska over å få prisen. Det seier helsesjukepleiar Linda Asphaug som torsdag denne veka vart kåra til «Årets eldsjel» av organisasjonen «De Utrolige Årene (DUÅ)». Prisen vart overrekt på Barn- og Unge-kongressen i Bergen.
Les meir.

- Lærerikt, gjevande og gøy 

Torsdag denne veka gjennomførte kommunestyret arbeidsverkstad der fokus var korleis kommunen kan løysa investeringsbehovet både på kort og lang sikt og samstundes følgja  opp strategiar for å ta heile kommunen i bruk.
Les meir.

Markerte Skogsvåg som ein dysleksivennleg skule

Heile tysdagen denne veka vart brukt til å markera at Skogsvåg skule er ein dysleksivennleg skule. På skuleplassen vart teksten «Skogsvåg skule» skrive ved hjelp av elevar og tilsette. På markeringa gratulerte rektor Lena Fjeldstad alle saman med dagen.
-    No har vi fått beviset på at vi er ein dysleksivennleg skule, ein plakett som skal hengja ved inngangen til skulen, sa rektor Lena Fjeldstad.
Les meir.

Vedtok arbeidsgjevarstrategi for Øygarden kommune

Administrasjonsutvalet vedtok på måndag arbeidsstrategien for perioden 2024 til 2026. Arbeidsgjevarstrategien skal gje retning for arbeidsgjevarpolitikken for kommunen og peika på strategiske satsingsområde. I drøftinga i administrasjonsutvalet vart det peika på at arbeidsgjevarstrategien bar preg av å vera overordna. Kommunedirektøren opplyste at det vil koma meir konkret oppfølging i handlingsplanen.
Les meir. 

Tilrår å arbeida vidare med prøveprosjekt

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) tilrår at Helse og velferd held fram arbeidet med å utvikla tiltak for å redusera sjukefråvær slik det er gjort greie for i ei sak om prøveprosjekt om auka brunnbemanning innan helse og velferd. RFF var sama til møte på onsdag denne veka. I tilrådinga heiter det også at prosjektet på Øygarden lokal medisinske senter vert evaluert mot slutten av året for å sjå om ein oppnår ønskt effekt med redusert vikarbruk.
Les meir. 

Positiv til nytt tiltak i barnevernet

Ungdomsrådet (UR) er positiv til at det vert etablert eit nytt tverrfagleg og operativt tiltak som skal arbeida med barn og ungdom som bur på barnevernsinstitusjon eller står i fare for å flytta på institusjon. UR slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren på møtet på tysdag.
Les meir. 

Feira 100 år gamle Ingrid Nordvik Ottesen

Det var duka til fest på Tednebakkane omsorgssenter sundag ettermiddag. Dei femti gjestene fekk vera med på festen for Ingrid Nordvik Ottesen som fylte 100 den 17. april. Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte blomehelsing frå kommunen og stilte det faste spørsmålet om kva som skal til for å verta 100 år gamal.
-    Det er sunt kosthald. Eg har halde meg til skive med leverpostei, sa Ingrid.    
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (17)

  • 22.04.:  Interne møte 
                 Innlegg for Voss eldreråd
                 Middag i samband med Christie-Konferansen
  • 23.04.:  Innlegg på Christie-konferansen 
                 Møte i Høgre ekspertpanel om vald i nære relasjonar
  • 24.04.:  Ulike interne møte 
                 Arrangement i sentrum 
  • 25.04.:  Besøk på Bedehuskanalen 
                 Arbeidsverkstad kommunestyret 
                 Middag Frontkommunane
  • 26.04.:  Miljøløftet
                 Årsmøte Vestnorsk Brusselkontor

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (17)

  • 22.04.:  Interne møte
                 Reiser til Sogndal
  • 23.04.:  Tirsdag – klimaomstilling i Sogndal
  • 24.04.:  Klimaomstilling i Sogndal
  • 25.04.:  Eldrerådet 
                 Arbeidsmøte kommunestyret
  • 26.04.:  Årsmøte vannrådeutvalet

Varaordføraren neste veke (18)

  • 29.04.:  Interne møte
                 Koordineringsutvalet
  • 30.04.:  Bymuseet i Bergen
  • 03.05.:  Fredag: Minnestund (privat)
                Idrettscruise
  • 04.05.:  drettscruise
  • 05.05.:  Idrettscruise