Positiv til nytt tiltak i barnevernet

Ungdomsrådet (UR) er positiv til at det vert etablert eit nytt tverrfagleg og operativt tiltak som skal arbeida med barn og ungdom som bur på barnevernsinstitusjon eller står i fare for å flytta på institusjon. 

Konrad Ørn, leiar av ungdomsrådet - Klikk for stort bileteKonrad Ørn, leiar av ungdomsrådet. Arkivfoto

UR slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren på møtet på tysdag. Etter framlegg frå leiar Konrad Ørn vart det også uttalt at det er viktig å styrkja det førebyggande arbeidet. Tiltaket er positivt både for kommunen og for den enkelte ungdom som treng ekstra hjelp og oppfølging. 

Tiltaket skal ha base i ein kommunal bustad som barnevernstenesta allereie nyttar til  gjennomføring av samvær. Denne bustaden skal òg nyttast til akuttplassar. Tiltaket skal starta opp august 2024. Vidare oppskalering og finansiering av tiltaket vert vurdert i samband med budsjett og økonomiplan for 2025. Administrasjonen skal arbeida vidare med å utvida kapasiteten på avlastning for barn og ungdom med samansette behov jf. bustadsosial temaplan. Avlastingsbustaden bør byggjast opp etter modellen til Gullfjellbasen avlastning.

Saka vert endeleg behandla av kommunestyret.

Høyringsuttale - revidering av overordna del til "Rammeplan for kulturskulen - kulturskule for alle" 

Ungdomsrådet slutta seg til kommunedirektøren sine vurderingar og gir høyringsuttale i 7 punkt til ny Rammeplan for kulturskulen, kulturskule for alle, slik det går fram i saka.

Vidare arbeid med handlingsplanen for 2024-2025

Handlingsplanen vart gjennomgått og det vart rydda noko i rekkjefølgja. Administrasjonen oppdaterer handlingsplanen og inviterer inn foredragshaldarar til neste møtet slik det kjem fram i den oppdaterte versjonen av planen. Handlingsplanen vert arbeidd med gjennom heile perioden og det vart ikkje gjort vedtak i saka.

Orienteringar på møtet

  • Plan for barnehage- og skulestruktur v/ prosjektleiar Tore Foldnes 
    Kommunen har ei strukturutfordring som viser god kapasitet og kvalitet på bygga i nord og sør, medan bygga i midten treng meir rehabilitering. Planutkastet skal vera ferdig til sommarferien, og deretter skal planen på høyring.
     
  • Arbeidet med arealdelen til kommuneplan v/ prosjektleiar Lisbeth Selstø
    Det vart orientert om innspelsmoglegheiter og medverknadsaktivitetar. Samfunnsdelen som vart laga for vel to år sidan er ein overordna plan og gir føringar for korleis Øygardensamfunnet skal utviklast. Kommunen har ein senterstruktur med regionsenter (Straume), tre kommunedelsenter (Skogsskiftet, Rong og Ågotnes) og seks lokal-senter. Ungdomsrådet skal vera med og utvikla planen, og det vart vist oversikt over kor og når medverknadsaktivitetane skal arrangerast. 

     

Tekst og foto: Vigleik Brekke