«Du og eg og vi 2-3-4» og Fotballtrøyefredag

Fredag 3. mai var ein aktiv og kjekk dag på Ågotnes skule.

Ågotnes skule fekk besøk av den kulturelle skulesekken - Klikk for stort bilete

Først fekk vi besøk av den kulturelle skulesekken med arrangementet «Du og eg og vi 2-3-4».  Der vart det etter kvart høg lyd og stor stemning! Det var prompefjertesang, krokodiller i baksetet og ikkje minst avslutta dei med skikkelig ROCKE-stemning.  Vi fekk både hoppe og lære rocke-teiknet.  Trur lærarane var takksame for at vi gjekk rett til friminutt etter konserten.  

Fotballtrøyefredag

Seinere på dagen markerte vi «fotballtrøyefredag» med songsamling i gymsalen.  5.trinn hadde ansvaret for gjennomføringa, og det var ikkje noko mindre stemning på dette arrangementet.  Fantastisk gjennomføring og eit viktig fokus på ei viktig sak.  Fotballtrøyefredag er ei markering som Barnekreftforeininga står bak.  Denne dagen har blitt større og større for kvart år, og vi er stolte av det store engasjementet også her på vår skule.  Vi fekk i dag høyre om barnebarnet til ein av våre lærarar her på skulen, han vart sjuk då han var 2 år.  Han er i dag 6 år og er frisk att, og klar til å starte på skulen til hausten! Fantastisk!

Vi er elles takksame for sol og fint ver dei siste dagane! Det er god stemning ute og vi nyt alle dei solstrålane vi får!

Fotogalleri

Besøk av den kulturelle skulesekken og fotballtrøyefredag - Klikk for stort bilete