
Utstilling
5. trinn har i år delteke med eit flott prosjekt der dei har vist gode forslag til grøne løysingar for korleis Ågotnes kan sjå ut framover.
Dei laga ei utstilling med utgangspunkt i skulen vår og lagde til dømes solcelle-tak som forslag til korleis vi kunne gjort skulen meir berekraftig. Dei kom og med dømer til fornybar energi vi kunne brukt, som til dømes vindmøller. Utanfor skulen laga dei grønsakshage, slik at vi ville vore sjølvforsynt i mat og helse - faget.
Elevane synest og at vi kan bli betre på resirkulering og laga ein micro-bit- robot som var koda til å sortere boss. Dette var ein konkurranse på standen som alle kunne delta på. Det har og vore arbeidd på Minecraft, og elevane har laga video som syner prosessen dei har hatt frå start til slutt.
Arbeidet som blir lagt ned fram til framsyning på stand er stort og tidkrevande. Lærarar og elevar må tre litt ut av den vanlege rytma, og ein legg ned ei god dose ekstraarbeid. Om du spør anten vaksne eller born, så trur eg at svaret blir det same; det er verdt det. Det er kjekt og spanande å få vere med i arbeidet, og så er det veldig kjekt å få vere på sartor i to dagar og syne fram resultatet, og vere saman med andre skapande, kreative og inspirerte elevar frå andre skular.
Fotogalleri