Frå ei av juleavslutningane.Vi deler framsyningane inn i tre seansar. 2. - 4. klasse hadde avslutning tysdag, 1. trinn hadde framsyning onsdag og 5. - 7. trinn hadde si framsyning på torsdag. Elevar og lærarar har jobba, planlagt og øvd i vekevis. Framsyningane har vorte gjennomført med glans til ståande applaus og ovasjon frå stolte føresette.
Her har elevane jakta etter juleglede, mimra om jul i gamle dagar og fylt salen med vakker korsong. Ein produksjon av denne storleiken krev mykje, både frå vaksne og born over lang tid. Det er eit arbeid som alle set stor pris på og kjenner takksemd over å vere ein del av.
Ein får verkeleg att mykje glede og meistring!
Skulestartarane på 1. trinn har si eiga avslutning i gymsalen på skulen. Det er trygt og godt for dei store småstjernene våre. 1. trinn har og servert fabelaktig korsong, og eit sjarmerande Lucia-tog til ein gymsal full av stolte føresette.
Tusen takk for ei koseleg og flott avslutning!
Her er fleire bilete:
Tekst: Stine Mari Våge
Foto: Borghild Mare Fjell
Ågotnes skule