Vi hadde fine dagar saman med andre elevar på tvers av klassane i veka før haustferien. Vi fekk vere med på å ha uteleik, lage venskapskort, teikne og skrive om venskap, pynte hjarte til fellesarealet, teikne til fellesarealet, spele spel med nokon ein ikkje kjenner så godt, danse Bli-me dansen og avslutta med sangsamling for heile skulen i gymsalen.
Dei vaksne har tatt bilete får nokre av aktivitetane og du finn små glimt frå veka i albuma nedanfor.
Songsamling for alle elevane
Fredag var det songsamling i gymsalen, der alle elevane var med. 4. trinn hadde ansvar for innslaga frå scenen og dei gjorde ein kjempejobb med flott og entusiastisk song.
Samlinga i gymsalen vart avslutta med felles song og dans - BlimE-dansen 2021!