1,3 millionar til ekstra utstyr i skulen

306 kommunar får midlar til å kjøpa inn utstyr for å gjera skulen meir praktisk og variert. Øygarden får 1,35 millionar kroner av desse pengane.

Kunnskapsminsiter Kari Nessa Nordtun - Klikk for stort bileteKunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

Kunnskapsminister Kari Nesse Nordtun (Ap) seier at elevane må vera motiverte om dei skal læra meir og betre. 

- Det gjer vi ved å leggja til rette for at skulane kan ha meir praktisk og variert undervisning i alle fag. Difor har vi to år på rad prioritert midlar til meir utstyr, seier kunnskapsministeren.

Mange lærarar ønskjer å få til meir praktisk læring i alle fag, men manglar ofte utstyret eller arenaene dei treng for å gjera dette. I fjor fekk 328 kommunar tilskot på 127 millionar kroner til dette. Regjeringa meiner at meir utstyr og meir praktisk og variert undervisning vil gjera at elevane opplever meistring og læring. Difor har regjeringa i år auka potten til 160 millionar kroner.

Kommunar kan bruka pengene på å kjøpa inn utstyrspakkar, inventar og apparat til for eksempel laboratorium, musikkrom, skulekjøken og ulike verkstader, eller til fysisk aktivitet og tur- og friluftsaktivitetar. Tilskotet kan også gå til å rusta opp uteområda slik at ein kan ha uteskule, eller til å etablera ein moderne medielab, eit Newton-rom eller til skulehagar.

Les pressemeldinga frå regjeringa her.


Red.: Vigleik Brekke
Fotio: Kunnskapsdepartementet