Ingrid Angård (til venstre), Amine Norvalls (i midten) og Justa Ciuzelyte studerer folkehelse på Høgskulen på Vestlandet. I tre veker har dei hospitert i Øygarden kommune og fått innblikk i og arbeidd med folkehelse.Bhutan har vore ein pådrivar for denne dagen sidan tidleg på 1970-talet, og har prioritert lykke over bruttonasjonalprodukt (BNP). Bhutan har sett lykke som viktigare enn BNP, verdien av alle varer og tenester produsert i eit land.
FN sitt Sustainable Development Solutions Network (SDSN) publiserer kvart år World Happiness report på denne dagen. Rapporten rangerer land etter kor lykkelege innbyggjarane er, basert på undersøkingar der 3 000 personar i kvart land vurderer livet sitt på ein skala frå 0 (verst) til 10 (best).
Noreg har dei siste sju åra fram til 2024 hatt ein stabil lykkeindeks på 7,2 av 10, men har gått ned på rangeringa kvart år. I 2024 blir Finland peikt ut som det lykkelegaste landet i verda.
Det er fleire faktorar som kan forklare kvifor Noreg har gått ned i lykkerangeringa:
- Vanskelegare privat økonomi: Mange opplever økonomiske utfordringar som har påverka den opplevde livskvaliteten, både blant kvinner og menn, unge og eldre, og blant lågt så vel som høgt utdanna.
- Aukande sosial ulikheit: Sosiale forskjellar har blitt meir merkbare, og dette har ført til ei redusert generell tilfredsheit blant visse grupper.
- Framtidsuro: Krig og etterverknader av pandemien har bidratt til aukande uro for framtida.
- Helse- og levekårsutfordringar: Den delen som opplever dårleg livskvalitet i Noreg stig med helse- og levekårsutfordringar og spesielt med opphopinga av slike belastningar som også skaper utanforskap.
Årets lykkerapport understrekar betydninga av omtanke og solidaritet globalt og viser at frivillig arbeid, veldedigheit og å hjelpa framande, har auka. Noreg vert rangert som land nummer 11, 43 og 101 på desse områda. Behovet for fellesskap, sosial støtte og kontakt er grunnleggjande. Personar som bur åleine er mykje mindre lykkelege enn dei som bur saman med andre. I Noreg består 40,8 prosent av hushaldningane av ein person. I Øygarden er delen noko lågare: 37,2 prosent.
Folkehelseinstituttet (FHI) sine grep for betre livskvalitet og psykisk helse
For å møta dagens folkehelseutfordringar, treng vi både politiske tiltak og handlingar som gir fleire positive opplevingar, sosial støtte og meistring. Forskninga viser at fem område har stor betydning for livskvalitet og helse. Desse gjeld for alle, er enkle å følgja, og er viktige både for enkeltpersonar og samfunnet. Dei fem områda er:
- Å knyta band: Bygg relasjonar og ver ein del av fellesskap.
- Å vera aktiv: Delta i fysisk aktivitet.
- Å vera til stades: Ver merksam og nærværande.
- Å læra: Utvikla deg sjølv vidare.
- Å gi: Bidra til samfunnet og andre si velvære.
Visste du at det å dela måltid med andre er ein sterk indikator for livskvalitet? Årets lykkerapport trekkjer fram felles måltid som eit konkret tiltak som fremjar livskvalitet. Ved å invitera ein nabo, venn eller familiemedlem på eit måltid, kan du bidra til at både du og den du inviterer vert meir lykkeleg!
Tekst: Justa Ciuzelyte, folkehelsestudent i praksis hos Øygarden kommune.