29 familiar ville ha informasjon om startlån

Startlån stiller krav til beteningsevne, men ikkje til 15 prosent eigenkapital. Passar ordninga for vår familie? Mange ville vita meir på startlånsdag på Innbyggartorg og bibliotek på "drop in" torsdag 30. mars. 

Open startlånsdag på innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter - Klikk for stort bilete

Der møtte dei tilsette frå kommunen som arbeider med denne låneordninga.  I løpet av 6 timar var det 29 familiar og einslege som var innom.

Det var ingen saksbehandling på staden, men det vart gitt generell informasjon og svart på konkrete spørsmål frå interesserte innbyggjarar. Fleire var også innom for å innhente informasjon på vegner av familie og vener. 

Må ha beteningsevne, men ikkje krav til 15 prosent eigenkapital

Kenneth Sangolt er leiar for service og ansvarleg for startlån i kommunen. Han fortel at kommunen har høve til å ta større risiko enn ein vanleg bank ved utlån av startlån, for å hjelpa dei som har langvarige vanskar med å få finansiering i vanleg bank. Kommunen og Husbanken har høve til å sjå vekk frå krav om eigenkapital, medan private bankar krev 15 prosent eigenkapital. For startlån er det likevel eit absolutt krav at søkjar har beteningsevne slik at renter og avdrag kan betalast kvar månad. Faste og føreseielege inntekter frå arbeid eller trygdeytingar er ein føresetnad for å beteningsevne. 

Låna skal gå til eigna og nøkterne bustader. Dei siste åra har det aldri vore mangel på utlånsmidlar. Søkjarar som fyller vilkåra får startlån.

Dette spurde innbyggjarane om:

  • Er ordninga noko for meg/vår familie?
  • Når blir det tomt for utlånsmidlar? 
  • Kva informasjon treng kommunen for å behandla min søknad?
  • Kan eg få startlån når eg er i vikariat?
  • Er det avgrensingar på kva bustad eg kan kjøpa om eg får finansiering frå kommune?
  • Kor stort lån kan vi få?
  • Kva er renta?

Meir om startlån

Her finn du meir utfyllande informasjon om startlånsordninga, og kjem i kontakt med dei som arbeider med startlån.