57,6 millionar kroner frå Havbruksfondet

Øygarden kommune får utbetalt 57,6 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2024. Dette er 36,6 millionar kroner meir enn budsjettert. Kommunedirektør Johnny Breivik gler seg over at utbetalinga vart vesentleg høgare enn budsjettert.

Oppdrettsanlegg - Klikk for stort bileteIll.foto

Havbruksfondet fordeler inntekter til kommunar og fylkeskommunar frå vekst i oppdrettsnæringa og inntekter frå avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure.  Totalt vert det betalt ut 4,7 milliardar kroner.

Kommunedirektør Johnny Breivik gler seg over at kommunen får noko igjen som vertskommune.

- Som vertskommune for den viktige havbruksnæringa, er det avgjerande at utbyttet frå Havbruksfondet også kjem oss til gode. Vår rolle som tilretteleggjar blir dermed verdsett. I eit år med sterkt fallande skatteinngang, er eit slikt utbytte særs kjærkome, seier kommunedirektøren.  

Utbetalinga frå Havbruksfondet vert fordelt med 80 prosent til kommunane og 20 prosent til fylkeskommunane. Lokalitets-MTB (maksimal tillate biomasse) for alminnelege matfiskløyve og løyve til særlege formål vert nytta som fordelingsnøkkel.

Les meir om Havbruksfondet og utbetalinga i 2024 her (ekstern lenkje). 


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune