6. klassane les seg gjennom Øygarden

Koordineringstenesta for skulebibliotek fekk i 2023 midlar frå Bibliotekutvikling til å utvikla eit leseprosjekt. 

Gruppe elevar som les i naturen - Klikk for stort bileteLesing av Øygarden på langs skal inspirera til meir leseglede.

“Ramsalt lesing-vi les Øygarden på langs”, er eit leseprosjekt retta mot 6. klasse for å inspirera elevane til å lesa meir, og oppdaga gleda med litteratur. Planen er at dette prosjektet skal liggja permanent  i årshjulet til 6. trinn.

Kick off

Fredag i førre veke var det kick off av prosjektet, og alle 6. klassane starta leseprosjektet med ein tur i sitt nærmiljø. I sekken låg boka, som dei las i når dei nådde turmålet dei hadde sett seg. Vi kunne ikkje vore meir heldige med turvêret, og som bileta viser:  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Frå nord til sør

Elevane skal lesa seg gjennom Øygarden, frå Hellesøy i nord, via Glesvær i sør og tilbake til Knappskog slik at dei passerer alle skulane i kommunen. Minuttane elevane les, blir veksla inn i km, og dei får gjera ulike aktivitetar undervegs. 

Klassen held oversikt over reiseruta på eit kart over kommunen som heng i klasserommet, og pinnar ut ruta etterkvart som dei les. Første klasse som kjem seg gjennom ruta (125 km) vinn førstepremie, som er eit forfattarbesøk.
Koordineringstenesta håpar at prosjektet blir vellukka, og at både lærarar og elevar finn glede i å delta.


Tekst og foto: Toril Aune Børmo