600 nye elevar i kulturskulen

Effekten av tilleggsløyvinga på 900 tusen kroner i 2024-budsjettet til kulturskulen har resultert i at nærare 1 200 elevar har delteke på kurs i kulturskulen dette året.
- Dette er eg svært godt nøgd med, seier rektor på kulturskulen Bjørn Andersen.

Kulturskulekorkonsert på innbyggartorget og biblioteket. - Klikk for stort bileteFrå konsert med kulturskulekoret med songar frå songboka "Småtrall".

Kommunestyret løyvde 900 tusen kroner ekstra i budsjettet for dette året for å få fleire elevar i kulturskulen. 

Ordinær kulturskuleundervisning går over 38 veker med undervisning eín gong i veka. I 2024 deltok 573 elevar på desse kursa. I tillegg kjem 616 elevar på kortkursa som er eit resultat av ekstraløyvinga. Desse kursa har gått over fem undervisningsdagar. Dette har i stor grad skjedd i form av gruppeundervisning i SFO-tida. 

- Inklusive kortkurselevane har vi hatt opp mot 1 200 elevplassar dette året. Deltakinga frå 2023 til 2024 har dermed auka frå ni til 22 prosent av grunnskuleelevane i Øygarden. Vi er svært godt nøgde med effekten av ekstraløyvinga til kulturskulen. Vi har nådd målet om å tilby undervisning til fleire elevar, seier Bjørn Andersen.

Når nye barn

Også kultursjef Marian Guddal Hansen gler seg over å sjå kor mange fleire barn kulturskulen har nådd ut til berre i 2024 takka vere forholdsvis små midlar. 

- Visjonen til kulturskulen er «Kulturskule for alle». Med dette er vi godt i gang med å nå ut til barn som kanskje aldri vil få høve til å delta i kulturskulen sitt ordinære tilbod. Kulturskulen vil halda fram med sitt utvida tilbod også i 2025 med mål om å nå den nasjonale målsetjinga om at 30% av alle grunnskuleborn skal få eit kulturskuletilbod, seier kultursjefen.

Det er no 116 elevar på venteliste til ordinær kulturskuleundervisning. Dette er fordelt på 86 elevar i musikkfag, 16 elevar i visuelle kunstfag og 11 elevar på musikkterapi.

Bjørn Andersen - Klikk for stort bileteBjørn Andersen

- Utfordringa med å ta inn så mange ekstra elevar, er å skaffa nok lærarkrefter til alle kortkursa, seier rektor Bjørn Andersen.

Aktuelle nye fag i Øygarden kulturskule er (spel) gaming, teikneserie, musikkproduksjon og animasjonsfilm.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke