63 tusen turar med Nabogo

I løpet av dei siste 11 månadene er det registrert 63 tusen turar med samkøyringsappen Nabogo. 
- Også i Øygarden har vi no opplevd rekordtal. Vi ønskjer å starta ei rørsle for samkøyring, sa leiar av avdeling for mobilitet i Skyss, Kari Steinsland, på lunsjseminaret «Smarte reiser – betre trafikkflyt» i regi av Miljøløftet og Øygarden kommune onsdag.

Kari Steinsland frå Skyss  - Klikk for stort bileteKari Steinsland frå Skyss snakka om samkøyring.

Seminaret i kultursalen i Øygarden rådhus var ein del av Mobilitetsveka 2024. I går var det sykkelshow og sykkelaktivitetar i Spildepollen sykkelpark og på grusbanen på Bildøyna. På seminaret var det innlegg om samkøyring og prosjektet «God trafikkflyt» i regi av Øygarden kommune.

Det var ordførar Tom Georg Indrevik som ønskte seminardeltakarane velkomne til Øygarden. Han viste mellom anna til prosjektet God trafikkflyt der det er lista opp mot 50 ulike tiltak som skal bidra til betre flyt i trafikken og mindre kø.

- Ingen forslag er for dårlege før vi har fått vurdert dei. Eg har stor tru på innovative løysingar. Tenk om vi kan verta best på mobilitet, kollektive løysingar og innovative løysingar. Eg håpar at eitt av dei første prosjekta i regi av Framtidssamfunnet handlar om mobilitet, sa ordføraren.

Frå seminaret i kultursalen tysdag. - Klikk for stort bileteFrå seminaret i kultursalen tysdag.

Suksess for samkøyring

Samkøyring er enkelt sagt at fleire reiser i same bil der sjåføren får ein kompensasjon og passasjerane betalar litt for dette. Dei som har periodekort i Skyss reiser gratis. Skyss er tydleg på at ordninga med Nabogo har vorte ein suksess, særleg for Askøy og Øygarden. Øygarden hadde i veke 35 det høgste talet registrerte turar via Nabogo-appen nokosinne.

- Ei undersøking viser at 60 prosent av brukarane av Nabogo reiser internt i kommunen. Folk ønskjer, dette, og kommunane har tru på det. Pilotprosjektet med økonomisk støtte til brukarane i Askøy og Øygarden vil halda fram til utgangen av 2025. Neste år skal ordninga evaluerast. Eventuell vidareføring vert også avklart i løpet av neste år, sa Kari Steinsland.

Kristian Amlie, som er knytt opp mot Nabogo som konsulent, understreka at ordninga med samkøyring må gjerast enkelt og at ein nyttar det som finst av hyllevare. 

- Samkøyring er vorte stor suksess i Frankrike og Danmark. Last ned appen og køyr saman, sa han.
I ordskiftet i etterkant vart det mellom anna stilt spørsmål om samkøyringsappen kan utviklast vidare og verta meir fleksibel med tanke på justering av tidspunkt og rute. 

God trafikkflyt

Prosjektleiar for prosjektet God trafikkflyt i Øygarden kommune, Nina Forland Klepsvik, orienterte om status for prosjektet som er forankra i kommunestyrevedtak den 20. juni. Det er lista opp mot 50 tiltak som skal bidra til færre bilar på vegane og dermed mindre kø, særleg i tida fram til nytt sotrasamband står klar til bruk.

Trafikken over Sotrabrua ligg no på om lag 30 tusen bilar (ÅDT) pr. døger (måndag-fredag). I vår var nivået på mellom 33 tusen – 35/36 tusen bilar pr. døger.

Tiltak som er på plass er to køyrefelt inn mot rundkøyringa på Kolltveit (frå nord) og ekstra kollektivfelt på Drotningsvik. Det er også avgjort at Bildøyvegen i retning riksveg 555 vert stengt ut året.

- Vi må gjera ei prioritering av kva tiltak som skal koma først. Tiltak vil skal arbeida med vidare er mellom anna Nabogo, bytting av arbeidsstad internt, kilometergodtgjersle for sykling i arbeid, alternative/bytting av arbeidsplassar og innføring av ordning med bygdesyklar, sa Forland Klepsvik.

Det vert også arbeidd med tiltak innan Helse og velferd, bildeling, endra opningstid i barnehagane utnytting av moglegheitene innan fleksireglementet i Øygarden kommune. Det er vert gjennomført ei rekkje kommunikasjonstiltak. I haust vert det lansert ein kommuneapp der trafikkinformasjon vil få ein sentral plass.

Her er fleire bilete:

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Nina Forland Klepsvik - Klikk for stort bilete
Kristian Amlie - Klikk for stort bilete
Andreas Ormevik stilte spørsmål om funksjonaliteten til lappen Nabogo - Klikk for stort bilete
Kari Steinsland - Klikk for stort bilete
Unni Sørensen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke