Frå markeringa ved minnestøtta i Telavåg. Frå venstre; leiar på Nordsjøfartmuseet Jenny Heggvik, ordførar Tom Georg Indrevik og elevane Annabella Abedissen Hammersland og Ingrid Landro Midtveit.I Telavåg var det som vanleg eit rikhaldig program, denne dagen i sur og kald vind, stødig leia av leiar på Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik.
I talen på frigjerings- og veterandagen understreka ordføraren at fridom ikkje er sjølvsagt. Han vert skapt av menneske og forsvart av menneske.
- I dag er det ikkje berre dei som levde under krigen vi heidrar. Vi rettar også ein djup takk til veteranane vår, dei som i nyare tid har vore ute i teneste for Noreg, ofte langt heimanfrå. Dei har vore med på verna om dei same verdiane som menneska her i Telavåg kjempa for, sa ordføraren.
Det må ikkje skje igjen
Også i år fekk to elevar på Spildepollen skule leggja ned kransen ved minnestøtta saman med ordføraren. Ingrid Landro Midtveit og Annabella Abedissen Hammersland (begge 6. klasse) seier at dei på skulen både har lært om krigen, 8. mai og det som skjedde i Telavåg.
- Heile bygda vart øydelagt og mange døde i fangenskap i Tyskland, seier Annabella.
- I fangenskapet svalt dei. Dette må ikkje skje igjen. Det er viktig å hugsa på denne dagen. Vi vil ikkje ha meir krig. Det er betre at dei som er i konflikt snakkar saman og vert samde, seier Ingrid.
Annabella Abedissen Hammersland (til venstre) og Ingrid Landro MidtveitI Telavåg var det song av Sundkoret (tidlegare Sund blandakor). Som vanleg framførte koret nasjonalsongen, fedrelandssalmen og andre nasjonalsongar på framifrå vis med Tonje Eriksen som dirigent. 3. og 6. klasse framførte også korsong.
Eit samfunn vart rive frå kvarandre
I tillegg til ordføraren talte kapteinløytnant Christer Rotseth og veteran Arnstein Grande som er kommandørsersjant.
- Vi var ikkje godt nok førebudd på at Noreg vart angripe. Men vi kan feira freden der lyset vann over mørket. I dag minnest vi også eit samfunn som vart rive frå kvarandre i 1942. Dei som kjempa, imot valde fridom framfor underkasting, sa Christer Rotseth.
Arnstein Grande sa at veteranane veit kva det inneber å stilla opp.
- Nokre får fysiske skader. Andre ber på skader vi ikkje ser. Det er viktig at veteranane har fått støtte plass i markeringa. Fridom er ikkje sjølvsagt, sa Grande.
Frå markeringa ved Hjelme gamle kyrkjeSju markeringar
Markeringane starta ved Hjelme gamle kyrkje klokka 08.15. Sidan var det markering ved Blomvåg kyrkje, Fjell kyrkje, Fjell festning, Kausland kyrkje, Sund kyrkje og Telavåg.
I Sund var det politikar Nils Kåre Skoge som la ned krans.
Skoge sa at 8. mai ikkje berre er ein dag for å sjå bakover. Det er også ein dag for å spørja kva slags samfunn vi ønskjer å vera.
- Vil vi møta kvarandre med respekt? Vil vi ta vare på fellessskapet og vil vi stå oppmot hat, vald og urett? spurde Skoge i talen. Han takka særleg veteranane og understreka at vi aldri vil gløyma dei som leid og kjempa under krigen.
Under markeringa ved Hjelme gamle kyrkje snakka ordførar Tom Georg Indrevik om prisen for fridom.
- La denne stunda minna oss om kva fridom kostar og kva han krev av oss. I ei tid der krig igjen rammar Europa, og uro pregar verda, er bodskapen frå 8. mai viktigare enn på lenge, sa ordførar Tom Georg Indrevik under markeringa ved Hjelme gamle kyrkje.
Nils Kåre Skoge la ned krans ved Sund kyrkjeVed Fjell kyrkje la også styreleiar i Sotra og Øygarden forsvarsforeining, Tor Glistrup, ned krans.
- Vi har ei erkjenning av at vi må ha eit forsvar slik at vi slepp å ha krig, sa han ved Fjell kyrkje.
Ved Fjell festning er det minnestøtte etter alle russiske og andre austeuropeiske fangar som måtte bøta med livet under fangenskapet der. Der sa Glistrup at desse fangane levde under tronge kår for at okkupantane skulle byggja eit festningsverk.
- Måtte dette minna oss om at vi aldri må verta okkupert igjen, sa Glistrup.
Også dagleg leiar i Fjell festning, Harald Gåsø, la ned krans ved minnestøtta ved Fjell festning.
Hjelme gamle kyrkje
Blomvåg kyrkje
Fjell kyrkje
Fjell festning
Kausland kyrkje
Telavåg
Tekst og foto: Vigleik Brekke