Jan Benjamin RødnerMøteleiar Odd Bjarne Skogestad sa at ein gjerne skulle hatt ein fest for at antisemittismen var utrydda.
- Det er førebels ein utopi. Festen må diverre utsetjast på ubestemt tid, sa han som innleiing på markeringa.
Natta mellom 9. og 10. november var starten på ei landsomfattande jødeforfølging i Tyskland med systematiske valdshandlingar og angrep mot jødar. Sju tusen jødiske forretningar og bustader vart øydelagde og 91 personar drepne. Krystallnatta (novemberpogromen) markerte starten på ei systematisk jødeforfølging som seinare utvikla seg til Holocaust.
- Det som skjedde denne natta i 1938 er korkje starten eller slutten på jødehatet, sa Jan Benjamin Rødner som er advokat, forfattar og føredragshaldar.
Han fekk ordet etter varaordførar Anita Garlid Johannessen som understreka at kommuneleiinga prioriterer å vera med på dei årlege krystallnattsamlingane.
- Det var rørande å høyra korleis Øygarden kommune forheld seg til slike som oss. Det er ikkje slik vi opplever det i Oslo, sa Rødner.
Han viste til tilbake til slutten av 1800 talet då Theodor Herzl tok initiativ til sionistrørsla. Det måtte skapast eit land der jødane hadde sine religiøse og historiske røter. I talen kom han raskt inn på situasjonen i dag der Israel og jødane opplever kraftig kritikk for situasjonen i Midtausten.
- Det er viktig at storsamfunnet kjenner igjen antisemittismen. Demonisering av Israel er antisemittisme. Vi opplever at antisemittismen igjen har mutert. Dette gjeld ikkje berre jødane, det gjeld oss og deg, sa Jan Benjamin Rødner.
Forstår ikkje hatet
Varaordførar Anita Garlid Johannessen sa at ho ikkje kunne forstå kvifor det oppstår hat mot dette folket berre fordi dei er jødar. Ho siterte frå talaren på denne samlinga i fjor, Ervin Kohn; - Den som gløymer historia si, er dømt til å gjenta den.
Varaordførar Anita Garlid Johannessen- Antisemittismen har bygd seg opp, og hatet spreier seg. 86 år etter krystallnatta er det viktigare enn nokon gong å verta minna om dette. Angrep mot jødar skjedde nyleg i samband med ein fotballkamp der eit israelsk lag møtte eit lag i Amsterdam. Det jødiske folk skal ikkje ha det slik, sa varaordføraren.
Forsamlingsleiar i IMF Straume, Gunnar Ferstad, viste mellom anna til medieoppslag om ei kvinne i Kristiansand som den seinare tida har gjort seg meir eller mindre usynleg fordi ho er jøde.
- Antisemittisme er jødeforfølging, rasisme og jødehat mot eit folkeslag berre fordi dei er jødar. Vi må alltid stå opp mot dette. Likevel er det lys i tunnelen. Eit døme på det er det kongen av Nederland sa etter det nylege angrepet mot jødane i Amsterdam.
Rådgjevar i Israelsmisjonen, Synnøve Aarskog, tok utgangspunkt i årstala 1938, 1945, 2023 og 2024. 1938 handla om krystallnatta der mange vakna til eit mareritt og brutale og målretta angrep.
- I 1945 var seks millionar jødar utrydda. Noreg var med på å senda jødar i døden. I 2023, klokka 06.30 den 7. oktober opplevde Israel eit grufullt mareritt der 1 200 menneske brutalt mista livet. I november 2024 skjedde det igjen angrep mot jødar i samband med ein fotballkamp i Amsterdam, sa Aarskog.
På markeringa var song og musikk ved koret Myrra, Lars Fridtjof Apelthun, Johan Sebastian Blum og Ragnvald Ree og diktlesing ved Ingalis Apelthun.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke