Her er nokre av dei som har vore engasjert i AKTIV+ gjennom 10 år.Ordførar Tom Georg Indrevik var full av superlativar då han helste til alle dei frammøtte.
- Det heile starta med nokre visjonære leiarar i tidlegare Fjell kommune som utarbeidde prosjektet «Sjef i eige liv». Dette var eit heilskapleg konsept for korleis ein skulle møta utfordringane knytt til auka tal seniorar i samfunnet. Dette er eitt av dei mest innovative tiltak nokon norsk kommune har gjennomført. Det danna også grunnlaget for det som regjeringa Solberg seinare lanserte «Leve heile livet», sa ordføraren og takka alle sponsorar som har gjort dette tilbodet mogleg.
I forkant av sjølve jubileumsmarkeringa var det konsert med Roy Vorland, Veslemøy Fluge Berg og Kristian Wedberg.
AKTIV+ er eit gratistilbod for yngre og eldre seniorar i Sotra Arena kvar tysdag klokka 10.30 til 14.00.
Leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, var mektig imponert og gledde seg stort over at ein full kinosal ville vera med på dette jubileet. Han retta mellom anna stor takk til Janne Mo som har representert kommunen i dette arbeidet og Sotra Sportsklubb og Dan Christensen som har lagt alt vel til rette for at AKTIV+ kan nytta desse lokala til aktivitetar og føredrag.
Jubileumskake måtte til.Suksess
Dan Christensen, som var dagleg leiar i Sotra Sportsklubb fram til 2024, sa at dette tiltaket har vore ein kjempesuksess.
- Det var så mykje folk i kantina at vi tilsette i sportsklubben på tysdagane måtte passa på å koma oss ned i kantina før køen vart for stor. Vi opplever at latteren sat laust blant dei som deltok på AKTIV+. Dette tilbodet er kome for å bli. Eg er kjempeglad for at vi har ein kommune som tenkjer nytt og har initiativtakarar som Janne (Mo), sa han.
Egil Haaland som var styreleiar frå 2015 og Janne Mo gav eit tilbakeblikk på det som har skjedd desse 10 åra. Egil opplevde eit svært godt samarbeid med kommunen.
- Eg kunne berre ringja til Janne, då var det ikkje noko problem, sa han.
Oppslutnaden har auka frå om lag 40 møtande i 2014/2015 til gjennomsnittleg 160 i dag. Den første samlinga i AKTIV+ var 28. oktober 2014.
- Eg vil også retta ei stor takk til Unni Sørensen (Øygarden kommune) som er bindeleddet mot kommunen, sa ho.
Det var også helsingar frå mellom anna Inge Kolltveit og Irene Evensen.
Organisasjonar som var med frå 2015 er Rotary, Fjell kystlag, Fjell kommune/Øygarden kommune, LKL Sotra, Fjell Turlag, Sotra Sportsklubb, Lions Sotra, Senioruniversitetet Øygarden og Sotra og Frisklivs- og meistringssenteret.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Unni Sørensen og Vigleik Brekke