Arbeidsmiljøprisen gjekk til Øygarden lokalmedisinske senter

Det vart gjort stas på tre avdelingar/einingar då ordførar Tom Georg Indrevik i ein pause på kommunestyremøtet skulle gjera kjent kven som skulle få Arbeidsmiljøprisen for 2023.
Av dei tre i finaleteamet, var det Øygarden lokalmedisinske senter som trekte det lengste strået. 

Frå venstre Anita Andrine Skjold Hellesø (Spildepollen skule), kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, Mette Knappskog (Øygarden lokalmedisinske senter (ØLMS), Ailin Bruland (ØLMS), Tonje Tangen Alvsvåg (ØLMS), ordførar Tom Georg Indrevik, Trude Ulvatn (Blombakkane bustader MMNF, Britt-Janne Mjøs (Blombakkane bustader MMNF) og Ninni Ludvigsen (Blombakkane bustader MMNF). - Klikk for stort bileteFrå venstre Anita Andrine Skjold Hellesø (Spildepollen skule), kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, Mette Knappskog (Øygarden lokalmedisinske senter (ØLMS), Ailin Bruland (ØLMS), Tonje Tangen Alvsvåg (ØLMS), ordførar Tom Georg Indrevik, Trude Ulvatn (Blombakkane bustader MMNF, Britt-Janne Mjøs (Blombakkane bustader MMNF) og Ninni Ludvigsen (Blombakkane bustader MMNF).

Dei to andre i finaleteamet var Blombakkane bustader MMNF og Spildepollen skule. Dei fekk heiderleg omtale.

I grunngjevinga til prisen til vinnaren står det at prisvinnaren sitt kandidatur er godt grunngjeve og svarar godt ut dei kriteria som var sett opp for prisen. Juryen har lagt vekt på det gode tre-partsamarbeidet - der vernetenesta, tillitsvalde og leiinga løyser oppgåvene på ein forbiletleg måte.  

- Dette har resultert i eit godt og systematisk arbeid med arbeidsmiljørelaterte forhold.  Eininga scorar høgt på medarbeidarundersøkinga - 10 faktor og har lågt sjukefråvær, heiter det i grunngjevinga.

I kriteria for Arbeidsmiljøprisen står det at prisen vert delt ut ein arbeidsplass som har jobba målretta med sitt arbeidsmiljø, og som har god evne og vilje til å iverksetja arbeidsmiljøforbetrande tiltak. Prisen vert delt ut kvar desember og gjeld for inneverande år.  I tillegg til diplom får vinnaren15 tusen kroner som kan brukast på eigen arbeidsplass. 

Døme på arbeidsmiljøtiltak som kan kvalifisera for prisen kan nemnast: 

  • Gode tiltak eller prosjekt innom satsingsområda for eit meir inkluderande arbeidsliv – IA 
  • Jobba førebyggande/systematisk med aktuelle risikofaktorar 
  • Medverking og samhandling er ein del av kulturen på arbeidsplassen 
  • Har auka nærværsprosenten   
  • Har jobba målretta med arbeidsmiljøet sitt, basert på til dømes funn i 10-faktor eller andre kartleggingar 
  • Kan visa til positive endringar innom arbeidsmiljøet etter tiltak som er sett inn.
     

Juryen har vore samansett av arbeidsutvalet til AMU(AU) og består av kommunalsjef Anne-Merete Vabø Haugane, HMS-rådgjevar Karianne Lisund, hovudtillitsvald May-Britt Hansen (Delta) hovudverneombod Nils Arthur og hovudverneombod Åshild-Helene Vik.


Tekst og foto: Vigleik Brekke