Åtte har søkt stillinga som kommunalsjef for Oppvekst

Det har kome inn åtte søknader til stillinga som kommunalsjef for Oppvekst.

Ill.foto Colourbox

Kommunedirektør Johnny Breivik er godt nøgd med søkjarlista og den kompetansen søkjarane representerer.

- Dette er ei toppleiarstilling der også dei personlege eigenskapane er viktige. Eg ser difor fram til gode intervju for å bli betre kjent med personane bak søknadane. Basert på søknadene er eg trygg på at vi får ein dyktig kommunalsjef for eit viktig fagområde, seier kommunedirektøren.

Eín søkjar ønskte ikkje å stå på den offentlege søkarlista og har trekt søknaden.

Desse har søkt stillinga som kommunalsjef for Oppvekst:

  • Kristin Moe (53), Alver
  • Vegar Hoel (43), Ål
  • Stig Blindheim-Hansen (43), Sogndal
  • Marius Flesland Sylta (36), Øygarden
  • Jarle Kleiven (57), Askøy
  • Pål Fidjestøl (53), Bergen
  • Frode Monsen (47), Bergen
  • Randi Randal (58), Bergen