Auka inntekter til Øygarden

Omlegginga av inntektssystemet til kommunane fører til at Øygarden kommune aukar inntektene med 47 millionar kroner neste år. Tysdag presenterte regjeringa kommuneproposisjonen for 2025.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).  - Klikk for stort bileteKommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Den totale veksten i landet i dei frie inntektene (skatt og rammetilskot) vert på 6,4 milliardar kroner neste år. Fem av desse milliardane går til kommunane. 

250 millionar kroner av veksten i dei frie inntektene er grunngjeve med behov for bemanning i barnehagar. 1,6 milliardar kroner er knytt til omlegging av inntektssystemet og 3,9 millionar kroner skal dekkja endring i befolkningssamansetjinga (demografi)  og pensjon. Eigedomsskatteinntektene er haldne utanom.

Styrkjer kommuneøkonomien

Kommunedirektør Johnny Breivik er glad for at regjeringa styrkjer kommuneøkonomien og på den måten bidreg til den omstillinga kommunane står ovanfor som følgje av auka press på eldreomsorga. 

- Vi blir likevel ikkje skåna mot nødvendige omstillingar for å tilpassa oss eit kvardag med vesentleg fleire eldre innbyggjarar. Mi vurdering er at regjeringa bidreg til at ei krevjande omstilling blir litt mindre krevjande, seier kommunedirektøren.  

Ifølgje Kommunal Rapport er Øygarden mellom dei 20 kommunane i landet som tener mest på endringane knytt til det nye inntektssystemet.

Ifølgje regjeringa er målet med inntektssystemet er å sikra betre omfordeling mellom kommunane, slik at folk opplever gode og likeverdige tenester i heile Noreg. Inntektssystemet fordeler over 400 milliardar kroner til kommunane.

− Vi legg no til rette for at kommunane kan levera gode og likeverdige tenester til innbyggjarane sine. Folk skal vera trygge på at dei møter trygge barnehagar, gode skular og ei verdig eldreomsorg uansett kva kommune dei bur i, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp). 

Dette er hovedgrepa i skatteutjevninga 

  • Kommunane skal ikkje lenger få utbytteskatt frå innbyggjar (vert innført i 2025).
  • Delen av formueskatten til kommunane vert halvert (vert fasa inn med ein firedel i 2025 og ein firedel i 20269.
  • Både utbytteskatten og formueskatteinntektene vert erstatta av alminneleg inntektsskatt som er jamnare fordelt rundt om i landet (påverkar berre fordelinga internt mellom stat og kommune, ikkje skatten for enkeltpersonar). Dette utgjer ein mindre del av skatteinntektene våre.
  • Den symmetriske skatteutjamninga vert auk frå 60 prosent til 64 prosent (vert fasa inn med to prosent i 2025 og to prosent i 2026).
  • Endringane i skatteutjamninga vil omfordela nesten to milliardar kroner mellom skattesterke og skattesvake kommunar.
     


Tekst: Vigleik Brekke