Aukar talet på flyktningar

Kommunestyret vedtok torsdag samrøystes at Øygarden kommuneskal busetja ytterlegare 100 flyktningar i 2024. Desse kjem i tillegg til vedtaket i februar om å busetja 100 flyktningar der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år og dei andre som einslege eller familiar. 

Frå kommunestyremøtet 23. mai - Klikk for stort bileteFrå kommunestyremøtet 23. mai

Med dette vedtaket vert det vert det samla busett 200 flyktningar i 2024.

I november 2023 fekk Øygarden kommune brev frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om å busetja til saman 240 flyktningar i 2024. I saksutgreiinga går det fram at fram til slutten av april er 70 flyktningar avklarte til å verta busette i kommunen.

Vil oppheva stifting

Kommunestyret vedtok samrøystes at Øygarden kommune, som ein av to opprettarar av Stiftinga Fjell festning (SFF), å søkja Lotteri- og stiftelsestilsynet om å oppheva stiftinga. 

Dersom SFF vert oppheva, er Øygarden kommune villig til å overta eigedomane som stiftinga eig no og å ta på seg ansvaret for drift og vedlikehald som sikrar varetaking av dei freda og verna anlegga. Kommunen er vidare villig til å inngå avtale med ein profesjonell museumsaktør om museal drift på Fjell festning og for å gje finansielt tilskot til den museale drifta i samsvar med dei tidlegare løyvingane til Museum Vest, avdeling Fjell festning.

Kommunen er også villig til å ta på seg ansvaret for vidare utvikling av det større festningsområdet som ein attraktiv destinasjon for kulturhistorie og friluftsliv, med både lokalbefolkning og turistar som målgruppe. Utviklinga må skje i tett samarbeid med museum og andre relevante aktørar.

For åra 2020-2023 har kommunestyret årleg løyvd 600 tusen kroner til Stiftinga Fjell festning og 1,1 millionar kroner til Museum Vest, avdeling Fjell festning. 

Kvartalsrapport 

Kommunestyret tok kvartalsrapporten for 1. kvartal til orientering.

I vedtaket heiter det at kommunestyret er uroa over meirforbruket innan fleire sektorar og ber kommunedirektøren intensivera arbeidet med å tilpassa aktivitetsnivået til dei økonomiske rammene.

Kommunestyret føreset at det vert gjort tiltak som sikrar at budsjettert netto driftsresultat for 2024 på 8,5 millionar kroner vert oppnådd og at det vert lagt fram detaljert prognose for å oppnå dette til formannskapet 11. juni 2024. 
Kommunestyret sluttar seg til innsparingstiltaka slik det er skissert i saka, men at følgjande tiltak skal gjennomførast i samsvar med vedtak der finansiering vert gjort med meir inntekter: 

  • Miljøterapeutar i barnehage og skule
  • 5. klasse overnattingstur Fjell Festning 
  • Transport til ikkje-pålagte tenester i barnehage og skule
  • Døgndrift aksjonssenteret


Med 29 mot 16 røyster vedtok kommunestyret eit tilleggspunkt, fremja av Høgre, KrF, Frp, Sotralista-TVØ, Pensjonistpartiet og Venstre om at ny skule på Vestsida vert gjennomført slik som vedteke i budsjett 2024 og økonomiplan for 2024 – 2027.

Kvartalsrapporten pr 31. mars viser netto driftsresultat 16 millionar kroner betre enn periodisert budsjett så langt i år. Men prognosen i den underliggjande drifta, etter tiltak, viser eit meirforbruk på 25 millionar kroner.

Etablerer nytt tiltak i barnevernet

Kommunestyret vedtok å etablera eit nytt tverrfagleg og operativt tiltak som skal arbeida med barn og ungdom som bur på barnevernsinstitusjon eller står i fare for å flytta på institusjon. 

Tiltaket skal ha base i ein kommunal bustad som barnevernstenesta allereie nyttar til gjennomføring av samvær. Denne bustaden skal òg nyttast til akuttplassar. Tiltaket skal starta opp august 2024. Vidare oppskalering og finansiering av tiltaket vert vurdert i samband med budsjett og økonomiplan for 2025. Administrasjonen skal arbeida vidare med å utvida kapasiteten på avlastning for barn og ungdom med samansette behov jf. bustadsosial temaplan. Avlastingsbustaden bør byggjast opp etter modellen til Gullfjellbasen avlastning.

Etter framlegg frå Høgre, KrF, Frp, Sotralista-TVØ, Pensjonistpartiet og Venstre vart det vedteke eit tilleggspunkt om at ordninga vert evaluert i forhold til bruk av statlege institusjonsplassar etter eitt år med drift. Espen Harkestad (Ap) fekk full tilslutnad til å ta med uttalen frå ungdomsrådet om at det er viktig å styrkja det førebyggjande arbeidet og at tiltaket er positivt både for kommunen og for den enkelte ungdom som treng ekstra hjelp, støtte og oppfølging. 

Mathilde Sæle (Raudt) var personleg og fortalde i innlegget sitt at ho var tidlegare institusjonsbarn frå ho var 14 til 16 år gamal. Ho har budd i Øygarden sidan 2007. 

- Eg budde ganske lenge i Molde. Det var veldig tungt, og eg var heime kvar tredje helg og såg ikkje mamma og pappa. Men eg enda ikkje opp i rus og øydelagt liv. Eg trur eg var heldig og skjerma for å koma ut i rus. Då eg leste i denne saka at dette skal vera eit hus i Øygarden, tenkte eg at dette vil vera ein veldig god moglegheit for andre ungdomar å sleppa å bli flytta langt vekk frå familien og mista kontakt med vennene. Eg var heilt einsam og budde med tilsette. Sidan eg har erfaring med dette, vil eg gjerne bruka den stemma eg har for å hjelpa andre ungdomar slik at dei ikkje mistar denne tida med familien, sa Mathilde Sæle.

Mathilde Sæle - Klikk for stort bileteMathilde Sæle

Endringar i alkoholpolitisk handlingsplan 

Kommunestyret vedtok revisjon av alkoholpolitisk handlingsplan 2024-2027.

Vedtaket inneber endringar på område som sal av alkohol på valdagar, skjenking i kommunal regi, skjenking i idrettsarena, skjenking ved stand under messe-arrangement og utandørs skjenkeareal for enkeltståande arrangement. Det inneber også endring når det gjeld skjenkekontrollar av enkeltståande arrangement, skjenking av alkohol i kommunale bygg og delegering av mynde til kommunedirektøren. 
Arbeidarpartiet, KrF og Industri- og næringspartiet fremja fleire forslag til endringar av innstillinga frå kommunedirektøren. Ingen av forslaga fekk fleirtal.

Vedtaket i kommunestyret inneber mellom anna at det innanfor visse rammer og avgrensa område kan innvilgast skjenkeløyve til større idrettsanlegg/idrettsarrangement og ved messer og andre fleirbruksområde.

Godkjende plan for Ågotnes

Detaljregulering for Ågotnes sentrum vart samrøystes godkjend.

Planområdet er på om lag 75 dekar og utgjer hovuddelen i sentrumsformålet i kommunedelsenteret Ågotnes. Området ligg sør for fylkesvegen. Planen regulerer gatestruktur for kvartalsvis sentrumsutbygging med offentlege rom med torg og gatetun. Det er lagt opp til etablering av om lag tre hundre bustadeiningar og sentrumsformål til kontor, forretning, tenestyting og bevertning. Planen opnar ikkje for etablering av hotell/overnatting. 
Det låg føre motsegn til planen, men etter mekling er det koma fram til semje som gjer at alle motsegnspunkta vart trekte.

Godkjende plan for bustader på Storevarden

Kommunestyret godkjende detaljregulering for Storevarden på Rongøyna.  

Formålet med detaljreguleringa er å leggja til rette for å byggja inntil 30 bustadeiningar i form av eine- og tomannsbustader, infrastruktur og utbetring av krysset mot fylkesveg 561. Planområdet er på om lag 49 dekar og ligg om lag to kilometer sør for Rong kommunedelsenter.

Sluttbehandling av planstrategi

Kommunestyret vedtok planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027 slik han ligg føre.

I vedtaket går det fram at områderegulering for Vikane skal sluttførast i planperioden. Her vil det særskilt vera nødvendig med ein gjennomgang av plankartet i lys av kartlagde fortidsminne. I dette inngår dialog med fylkeskommunen når det gjeld omsynssoner, grøntareal og eventuell frigjeving av fortidsminne. I tilleggspunktet heiter det også at det bør vektleggast ein heilskapleg områdeplan med nødvendig tilpassing for å halda kostnadane på eit handterleg nivå. Det må vidare leggjast fram ein kostnadskalkyle for ferdigstilling av planen etter at ovannemnde er vurdert. 

Det skal gjennomførast ein plan for vald i nære relasjonar i planperioden. 

Arbeidarpartiet føreslo at det skulle utarbeidast ein levekårsplan i tråd med framlegg i kommunestyret 22. februar. Planen skal vera ein av dei prioriterte planane i kommunestyreperioden. Forslaget fekk 16 røyster og fall. SV føreslo at det skal utarbeidast rusplan med overdosestrategi og psykiatriplan og at dette arbeidet skulle gjerast i planperioden. Forslaget fekk 15 røyster og fall.

Andre saker

Fusjon 

Kommunestyret godkjente at 1,6 millionar kroner av lånet på 75 millionar kroner til Bergen Havn Utvikling AS vert konvertert til aksjekapital og at kommunestyret godkjenner at Bergen Havn Utvikling AS vert fusjonert inn i Bergen Havn Ågotnes AS. Eigarskapen vert uendra etter fusjonen, men ein vil ha eitt selskap i staden for to.

Selskapsavtale for Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS 

Kommunestyret vedtok selskapsavtale for Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS 2024.

Revisor

Etter gjennomført konkurranseutsetjing vedtok kommunestyret at Deloitte AS skal vera revisor for Øygarden kommune i perioden 1. juli 2024 til 30. juni 2028

Finansrapport

Finansrapport pr. 31.03.2024 vart teken til orientering slik han ligg føre.

Årsmelding for kontrollutvalet

Kommunestyret  godkjende årsmelding 2023 for kontrollutvalet. 

Det var også behandling av to klagesaker og oppnemning av kandidatar til skjønnsutvalet i Vestland fylkeskommune

Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Her kan du sjå opptak av møtet på kommune-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke