Avsluttar vaksinering på Røde Kors-huset

Torsdag 21. desember er siste dag det vert vaksinert på Røde Kors-huset på Straume. Sjukepleiar Geir Oldenborg har vore med på heile pandemireisa sidan starten i 2020.
- Det har vore ein takknemleg jobb, seier han nokre dagar før han stengjer dørene for vaksinasjon på Røde Kors-huset.
 

Geir Oldenborg har sett vel 1 400 vaksinar sidan 16. oktober. - Klikk for stort bileteGeir Oldenborg har sett vel 1 400 vaksinedosar sidan 16. oktober.

Det kommunale tilbodet på Røde Kors-huset vert altså avslutta før jul. Dei som skal vaksinera seg mot korona og sesonginfluensa etter den 21. desember, må gjera det hjå fastlegen eller på apoteket.

Etter at ein avslutta vaksinasjon på Sotra Arena, oppretta Øygarden kommune vaksinasjonstilbod på Røde Kors-huset våren 2022. Sidan 16. oktober i år har Geir Oldenborg sett 762 influensavaksinar og 651 vaksinar mot korona. 

-    Eg har den siste perioden ofte vore åleine her på huset, og eg har nok då sakna kollegaer. Men dette har verkeleg vore ein triveleg jobb. Eg har vel sjeldan opplevd så mykje skryt på jobben som eg har opplevd her. Folk har vore svært takksame for dette tilbodet, og eg har hatt mange gode samtalar, seier han.

Han hugsar at det var litt høge skuldrer i starten då dei første vaksinane skulle setjast. Første gongen fekk kommunen to glas. Når eitt glas var opna, måtte dosane brukast innan kort tid.

-    På kvart glas var det seks dosar. Det var knapt med vaksinar den første tida, og det var viktig at ingen vaksinedosar måtte kastast, seier han.

-    Har du opplevd at nokon har fått allergiske reaksjonar etter at dei har tatt vaksine på Røde Kors-huset?

-    Nei, det har eg ikkje opplevd her, seier Geir Oldenborg som på det meste har sett opp mot hundre vaksinar på eín dag på Røde Kors-huset.


Tekst og foto: Vigleik Brekke