"Bærekraftig Reisemål" – Øygarden på veg mot sertifisering

Øygarden kommune er no i prosess med å bli eit sertifisert berekraftig reisemål. Merkeordninga er ein nasjonal standard utvikla av Innovasjon Noreg for å fremja berekraftig utvikling i turistnæringa. Denne ordninga inneber at destinasjonar arbeider systematisk med å redusera reiselivet sin negative påverknad på miljøet, naturen og lokalsamfunnet, samstundes som dei styrkjer dei positive sosiale og kulturelle verdiane. 

Marianne Furheim frå Øygarden kommune og Magnus Brekke Nygaard frå Visit Bergen. - Klikk for stort bileteMarianne Furheim frå Øygarden kommune og Magnus Brekke Nygaard frå Visit Bergen deltok på konferansen i Kristiansand.

Dette krev langsiktig arbeid og godt samarbeid mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn. Næringssjef Marianne Furheim deltok på den nasjonale samlinga «Bærekraftig Reisemål» i Kristiansand denne veka saman med Magnus Brekke Nygaard frå Visit Bergen. 

Ho seier at gjennom ansvarleg turisme og samarbeid med, og mellom lokale aktørar, skapar vi autentiske opplevingar som styrkjer kulturen vår og miljøet vårt. 

- Slik ønskjer vi å setja fokus på reiselivet i Øygarden og fremja dette både for innbyggjarar og for tilreisande. Vi har mykje å by på her ute, og vi må finna gode måtar å løfta dei som driv innan reiseliv og opplevingar både på deltid og heiltid, seier Furheim.  

Under samlinga kom det tydeleg fram at kommunane spelar ei nøkkelrolle i å utvikla eit reiseliv som er berekraftig både økonomisk, sosialt og miljømessig. Visit Bergen ved Magnus B. Nygård er prosjektleiar for prosessen som Øygarden nå er i gong med. Saman med ei styringsgruppe beståande av reiselivsaktørar i Øygarden, Vest Næringsråd og andre aktørar vert det jobba mot merket, ein prosess som tek om lag to år. Kvart år vidare skal det leverast berekraftsrapport på det kontinuerlege arbeidet, og vidare re-sertifisering kvart tredje år. Bergen mottok merket i starten av 2023.  

Kommunen er ikkje berre ein tilretteleggjar, men og ein aktiv medspelar som: 

  •  🏗 Planleggjer og regulerer – strategiar, arealbruk og besøksforvaltning må sikra at turismen gagnar både lokalsamfunnet og naturen.
  • 🚍 Utviklar infrastruktur – frå transport og skilting til ladepunkt og besøksfasilitetar.
  • 💡 Støttar næringslivet – gjennom nettverk og kompetanseheving for berekraftige aktørar.
  • 📢 Kommuniserer berekraft – tydeleg informasjon til både besøkande og innbyggjarar om ansvarleg turisme.
  • 🏡 Tek vare på lokalsamfunnet. Turismen skal gi tilbake til staden og dei som bur der, ikkje berre henta ut verdiar. 


Suksessen til «Berekraftig reisemål» - merket avheng av godt samarbeid heile vegen, slik at vi i fellesskap kan løfta reiselivsnæringa i Øygarden kommune.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete