Barnehage- og skulebruksplan til høyring

Levekårsutvalet vedtok på onsdag å leggja barnehage- og skulebruksplan 2024-2040 ut på høyring fram til 30. september. Arbeidarpartiet fekk ikkje fleirtal for å utsetja saka. Partiet fekk heller ikkje fleirtal for eit alternativt forslag.

Espen Cornell Jacobsen (Ap, til høgre) føreslo å utsetja saka om høyring for barnehage- og skulebruksplan og hadde også alternativt forslag. På biletet ser du også Solveig Dale Rong (Sp, til venstre) og Hege Renathe Glesnes i Industri- og næringspartiet. - Klikk for stort bileteEspen Cornell Jacobsen (Ap, til høgre) føreslo å utsetja saka om høyring for barnehage- og skulebruksplan og hadde også alternativt forslag. På biletet ser du også Solveig Dale Rong (Sp, til venstre) og Hege Renathe Glesnes i Industri- og næringspartiet.

Forslaga frå Arbeidarpartiet fekk fire røyster (Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Industri- og næringspartiet) og dermed ikkje fleirtal. I utsetjingsforslaget heiter det mellom anna at saka vert sendt tilbake for gjennomføring av ein ROS-analyse og vurdering av konsekvensar ved å etablera barneskular med kapasitet til 700 elevar. 

I høyringsutkastet som no vert lagt ut på høyring er det forslag om å redusera talet på kommunale barnehagar frå 13 til ni og å redusera talet på skular frå 21 til 15. 

Det tilrådde strukturalternativet kan gje ei innsparing på om lag 27,5 millionar kroner årleg når alle strukturtiltak er gjennomførte. I tillegg kjem innsparing som følgje av redusert overføring av tilskot til private barnehagar.

Her kan du lesa høyringsutkastet.

Vil styrkja ungdomstiltak på Straume

Utvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår å setja av eín million kroner årleg til å styrkja tilbodet til Basecamp om Ope hus for ungdom i alderen 13-20 år. Midlane skal i første omgang nyttast til å sikra at Ope hus kan driftast vidare innanfor dagens opningstider. Resterande midlar skal nyttast for å sikra utvida opningstider og nye lokale med plass til fleire ungdommar. I tilrådinga til kommunestyret heiter det også at Basecamp vert beden om orientera om status for midlane innan utgangen 2024.

Arbeidarpartiet sine to medlemer i levekårsutvalet røysta for tilrådinga frå ungdomsrådet om å bruka 750 tusen kroner av avsette midlar årleg i økonomiplanen til å styrkja Ope hus-tilbodet Basecamp og å nytta dei resterande 250 tusen kronene til å styrkja innbyggartorg og biblioteket på Straume med utvida opningstider slik at ungdom kan nytta tilbodet. 

Vil venta med opptrapping av aksjonssenteret

Levekårsutvalet tok saka om aksjonssenteret til orientering og ber kommunedirektøren å vidareføra intensjonane for aksjonssenteret i det pågåande arbeidet med omstilling av tenestetilbodet innan helse og velferd.

I saka skriv kommunedirektøren at det er for tidleg å trappa opp aksjonssenteret i samsvar med tidlegare politiske vedtak. Han skriv at intensjonane om at aksjonssenteret skal verta eit kompetanse- og responssenter for noverande og framtidig  velferdsteknologi ikkje er realisert på noverande tidspunkt. 

- Det er behov for å arbeida vidare med både organisering og teknologiske løysingar før plan om opptrapping vert realisert, går det fram av saksutgreiinga.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Vil leggja ned brukar- og pårørandeutvalet

Utvalet tilrår at brukar- og pårørandeutvalet innan omsorgstenesta vert lagt ned med verknad frå 1. juli. Råd for personar med funksjonsnedsetjing( RFF) vil frå same dato ivareta arbeidet som var lagt til brukar og pårørandeutvalet.
Råd for personar med funksjonsnedsetjing har tilrådd at RFF frå 1. juli vert brukar- og pårørandeutval, medan eldrerådet har rådd til at brukarutvalet vert oppretthalde.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Ikkje klar for å tilrå plan for førebyggande arbeid 

Levekårsutvalet vedtok samrøystes i eit fellesforslag å utsetja saka om plan for førebyggjande arbeid for barn og unge. Her kan du lesa grunngjevinga for utsetjinga.

Strategi for Helsefellesskapet 

Levekårsutvalet tilrår at Øygarden kommune sluttar seg til overordna strategi for Helsefellesskapet i bergensområdet. Målet med strategien er mellom anna å sikra mest mogleg heilskapleg forløp for pasientane.

Tildeling av tilskot

Utvalet fordelte arrangementstilskot, kulturvernmidlar og kommunale stipend. Totalt vart det tildelt 1 million 348 tusen kroner.

Det vart tildelt 633 tusen kroner i arrangementstilskot til 32 søkjarar, 215 tusen kroner i kulturvernmidlar til 10 søkjarar, 300 tusen kroner i kommunale idrettsstipend til 14 søkjarar og 200 tusen kroner i kommunale kulturstipend til tre søkjarar. Alle tildelingane var i samsvar med innstillinga frå kommunedirektøren.

Her kan du lesa saksdokument med tilrådigane som altså vart vedtekne.

Komité for TV-aksjonen

Utvalet valde komité for TV-aksjonen som dette året går til Barnekreftforeningen. Som ressursperson frå levekårsutvalet vart vald Espen Cornell Jacobsen. Komitéen vert dermed slik: 

  • Leiar Ernst Morten Einarsen, leiar levekårsutvalet
  • Sekretariat: Stine Sanden, Øygarden frivilligsentral, og Julia Woehlert, Øygarden frivilligsentral
  • Ressursperson Konrad Ørn, leiar ungdomsrådet
  • Ressursperson André Clausen, frivillig
  • Ressursperson Inger Fosse, kreftkoordinator
  • Ressursperson levekårsutvalet Espen Cornell Jacobsen.

Skjenkeløyve

Sartor Bowling AS org.nr. 933 249 255, får innvilga fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, for Sartor Bowling i Sartor Storsenter.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument og her kan du sjå opptak av møtet på kommune-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke