Frå julbumslunsjen i lokala til BasecampBasecamp er eit diakonalt tiltak for ungdom mellom 13 og 25 år på Sartor Storsenter. Målgruppa er ungdom som oppheld seg mykje på Sartor Storsenter og ikkje deltek i anna organisert ungdomsarbeid.
Det var Thomas Skålnes frå styret som ønskte gjestene velkomen til jubileumslunsj. Han nytta høvet til å takka alle aktørane for økonomi og støtte på andre måtar. Basecamp er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Sartor Storsenter og Øygarden kyrkjelege fellesråd.
Frå venstre; Martin Ingvaldsen, Annlaug Børve og Thomas Skålnes.Ordførar Tom Georg Indrevik sa at Basecamp er noko vi alle har grunn til å vera stolte av. Det viser at det er mogleg å få til eit godt samarbeid mellom kommune, kyrkje og næringsliv.
- Og ikkje minst har ein klart å vidareutvikla ein suksess gjennom 20 år. Sjølv om rammeverket er viktig, er det menneska som skapar det gode tilbodet. Eg vil difor retta ein stor takk til alle som har vore og er tilsett og som er frivillig. I dag på denne 20 års markeringa bør vi alle tenkja på alle dei som har vore innom, alle dei som har fått eit tilbod og alle dei som har fått hjelp til eit betre liv, sa ordføraren.
Ordførar Tom Georg IndrevikVerdival
Kyrkjeverje Annlaug Børve sa at det vart teke eit verdival då Basecamp vart etablert. Denne staden skal vera noko meir enn ein plass å henga.
- Ungdomane er uendeleg verdifulle, dei er verdt å elska og det er bruk for dei. Her vert dei møtt med ekte engasjement, omsorg, kreativitet og oppmuntring. Her kan du koma akkurat som du er, skapt i Guds bilete og verdt til å gå i døden for, sa ho.
Kyrkjeverje Annlaug BørveErnst Einarsen representerer ein av dei tre aktørane bak Basecamp. Han gjekk tilbake til starten der Vetle Karlsen Eide som dagleg leiar åleine starta opp og leia arbeidet i Basecamp. Mellom anna vart det i løpet av dei første åra starta eit «naskeriprosjekt» som skulle vera førebyggjande mot eit aukande problem.
- Dette vart ein suksess. Vedtaket om å etablera eit tilbod frå ungdom skriv seg tilbake til 1999. Det vart sett av eit lokale på 43 kvadratmeter. Vi har brukt 20 millionar kroner på dette gjennom åra. Vi ønskjer alle å skapa eit godt samfunn for alle. Dette er eit eventyrleg tilbod, sa Einarsen.
Ernst EinarsenTakksame ungdomar
Eli Skjerping er ein av dei tilsette i Basecamp.
- Eg starta her som medvandrar, og no er eg rettleiar på arbeidspraksis. Vi har ope kvar dag (måndag til fredag). Gjennomsnittleg kjem rundt 70 ungdomar innom lokala kvar dag. Dei seier gjerne til oss: Tusen takk for at du lyttar til oss og at vi får vera her, seier ho.
Eli SkjerpingI tillegg til å ha ope hus i tredje etasje på Sartor Storsenter, har Basecamp sykkelverkstad sentral på Straume der folk får hjelp til service og reparasjonar og kan kjøpa seg gode brukte syklar.
For ein månad sidan vart Martin Ingvaldsen tilsett som ny dagleg leiar. Han har bakgrunn frå mellom anna barnevernet og har jobba med ungdom i 20 år.
- Det var veldig kjekt for meg å koma her i dag. Det er ein god kultur å koma inn i. Det er mykje å setja seg inn i. Dette er ein fin kombinasjon av aktørar som kommune, næringsliv kyrkje og det frivillige, sa han.
Tilsette som var med på jubileumslunsjen.Med støtte frå Sparebanken Vest vart lokala på senteret utvida i 2023. Thomas Skålnes opplyste at det vert arbeidd med å omdanna Basecamp frå ei foreining til eit ideelt aksjeselskap. Dette vil venteleg skje i løpet av 2025.
Tekst og foto: Vigleik Brekke