Ber om handlingsplan om utskrivingsklare pasientar

Levekårsutvalet ber kommunedirektøren å effektuera strakstiltak slik det er skissert i sak om utskrivingsklare pasientar. Handtering av økonomiske konsekvensar knytt til tiltaket vert innarbeidd i kvartalsrapport 2/2024.

Drøfting i pause - Klikk for stort bileteDrøfting før det vart gjeve tilrådig i saka om kvalitetsmelding i grunnskulen.

Levekårsutvalet ber kommunedirektøren å effektuera strakstiltak slik det er skissert i sak om utskrivingsklare pasientar. Handtering av økonomiske konsekvensar knytt til tiltaket vert innarbeidd i kvartalsrapport 2/2024.

Utvalet slutta seg samrøystes til eit framlegg frå Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF der det vert vist til Det har i fleire år vore utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehusa. Det vart i den samanheng sett inn ei rekkje tiltak, blant anna ved å ta bruk ti plassar på LMS til korttidsopphold for desse pasientane. Dette var tiltak som verka etter føresetnadene, men det er urovekkande at situasjonen har snudd i løpet av kort tid. 

- Utvalet ber difor om at det vert fremja ein handlingsplan med nødvendige tiltak i samband med budsjettet for 2025, heiter det i vedtaket.

I saka går det fram at totalt er Helse og velferd fram til mai belasta med om lag 1,7 millionar kroner for pasientar som har vorte liggjande på sjukehuset etter ferdigbehandling. Denne utgifta er det ikkje budsjettert for.

Kvalitetsmelding 2023-2024 for grunnskulen

Utvalet tilrår å ta kvalitetsmeldinga til orientering. 

Etter pause og drøfting samla utvalet seg om å be kommunedirektøren å prioritera følgande innsatsområde i skuleåret 2024- 2025:

  • Styrkja samarbeidet mellom mellomtrinnet og ungdomstrinnet gjennom fokus på grunnleggjande dugleikar på alle trinn opp til 9. trinn.
  • Vidareføring av satsingane «Språkkommunen Øygarden, «Nærvær og inkludering» og «Spesialpedagogikk for inkluderande praksis i barnehagen».
  • Midlar til praktiske og varierte arbeidsformer i skulen må prioriterast vidare for å  gje alle meistring på sitt nivå. 
     

Levekårsutvalet presiserer at Øygarden kommune framleis skal utarbeida analysar som viser utviklinga for både læringsresultat og mobbing. Det skal ut frå desse analysane utarbeidast handlingsplan ved kvar skule som viser korleis ein tenkjer å arbeida vidare med funna, i samsvar med strategiane i planverktøyet vårt, «Framtidas skule». Utvalet ber om at mal for ny kvalitetsmelding for inneverande skuleår blir langt frå for utvalet i eiga sak før dialogen med skulane startar opp.

Kvalitetsmelding 2023-24 Grunnskulen i Øygarden kommune, som følgjer som vedlegg til saka, inneheld tal og statistikk og forteljingar frå praksis i skulane. Ulike sider ved kvaliteten vert presentert innafor områda læringsresultat, læringsmiljø og gjennomføring av vidaregåande opplæring. Arbeidet med implementering av “Plan for framtidas skule” er ein fast del av kvalitetsmeldinga.

Frå møtet i levekårsutvalet onsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i levekårsutvalet onsdag.

Seier nei til Newton-rom

Kommunedirektøren hadde innstilt på å starta opp eit forprosjekt for mogleg etablering av Newton-rom. 

Dei som tok ordet i saka stilte mellom anna spørsmål om finansiering av tiltaket. Utvalet samla seg om å røysta nei til innstillinga. 

Høyring - Lokal forskrift for skulefritidsordning 

Levekårsutvalet vedtok å leggja forslag til “Forskrift om skulefritidsordning for grunnskulane i Øygarden kommune” på offentleg høyring. Høyringsfristen vert sett til 30. oktober.

Status ved krisesenter for Bergen og omegn og bemanningsbehov

Levekårsutvalet tilrår å ta saka om auka bemanningsbehov til krisesenteret i Bergen og omegn til orientering. Handtering av økonomiske konsekvensar knytt til tiltaket må innarbeidast i kvartalsrapport 2/2024.

Øygarden har avtale om krisesentertilbod gjennom deltaking i vertskommunesamarbeid for Krisesenter for Bergen og omegn. Krisesenteret har opplevd ein vedvarande auke i belegget og behovet for auka bemanning er kritisk. Dette gjeld også for krisesenter nasjonalt. Krisesenter for Bergen og omegn har verksemd fordelt på seks lokasjonar, der to av lokasjonane har døgnbemanning. 

Krisesenteret har gjennomført ei ROS- analyse i januar 2024. Analysen avdekte at krisesentertilbodet nærmar seg uforsvarleg drift og at tilsette er utsett for stor belastning. Det er behov for å styrkja bemanninga med 7,6 årsverk, som utgjer i om lag 6.8 millionar i heilårsverknad. Konsekvensane for Øygarden kommune er ei auka kostnad på 299 400 kroner for 2024, med ein heilårsverknad på 580 400 kroner i 2025.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Får innvilga salsløyve

Nye Spildepollen Dagligvarer AS fekk innvilga salsløyve for alkohol gr. 1 for ny løyveperiode. Salsløyvet gjeld i omsøkte lokale i Spildepollen. Løyvet gjeld fram til 30, september 20. september 2028.

Møteplan for 2025

Levekårsutvalet tilrår møteplan 2024 for råd og utval slik han ligg føre. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke