Dagleg leiar Jim Rune Vågheim tok imot milfyrtårnsertifikatet på vegner av Øygarden Elektriske AS. Til høgre; ordførar Tom Georg IndrevikMiljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Øygarden Elektriske vart etablert som ei familiebedrift på Nautnes i 1954 og var den eldste bedrifta i gamle Øygarden kommune. I 1994 vart bedrifta omgjort til aksjeselskap. I dag er det 29 tilsette, og omsetjinga vil for 2024 hamna på om lag 50 millionar kroner. For tida har Øygarden Elektriske AS seks lærlingar og eín hjelpearbeidar.
- Vi vil oppnå rekordomsetnad dette året. Vi har vore heldige og ikkje blitt ramma av konjunkturnedgangen i bygg og anlegg. For tida har vi større prosjekt i Nygatakvartalet på Straume og nye Gneist Arena like ved Fana stadion. Vi skal også har eit større oppdrag på Mongstad neste år, seier Jim Rune Vågheim.
Ein viktig del av å bidra til eit meir berekraftig samfunn er at bedrifta vert miljøsertifisert.
- Gjennom Elkonor samkøyrer vi for å redusera miljøavtrykket. I starten trudde vi at miljøsertifisering ville føra til ekstra kostnader. No ser vi at slik sertifisering sparer oss for kostnader. Dette er også krav vi legg til grunn i samband med rammeavtalar, seier Vågheim.
Øygarden Elektriske har fleire elektriske personbilar. Framover vil det også bli kjøpt inn elektriske servicebilar. Les meir om kva tiltak Øygarden Elektriske har gjort som miljøfyrtårbedrift.
- Vi ønskjer at flest mogleg bedrifter i Øygarden vert miljøfyrtårnbedrft, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke