Bildøyna: Manuell dirigering om kvelden og natta

I samband med grave og sprengingsarbeid langs riksveg 555 Skjergardsvegen, vert det manuell dirigering om kvelden og natta på Bildøyna i veke 44 og 45 (frå 28. oktober). 

Sotra Link

Ved sprenging vert begge køyrebanane stengde. Det kan føra til at trafikantane må venta i 15 minutt eller meir etter sprenging før køyrebanen er klar.

Arbeidstida er måndag til fredag kl. 20.00-06.00. Sprenging skjer før klokka 23.00. Varsel om sprenging vert sendt ut om lag 30 minutt før salva vert fyrt av.

Lysregulering

Det vert lysregulering ved Branndalsmyra i veke 44 (frå klokka 09.00 måndag 28. oktober).

Les meir på nettsida til Sotra Link.