Bildøyvegen retning riksveg 555 vert stengt til 2028
Sotra Link melder at nordgåande påkøyringsfelt frå Bildøyvegen til riksveg 555 vert stengt til Sotrasambandet er fullført.
Sotra Link
Påkøyringsfeltet ut på riksveg 555 frå Bildøyvegen har vore stengt sidan juni. Feltet vert stengt ut 2028.
Trafikantar frå Blommen/Li som skal i retning Straume må køyra via Kolltveittunnelen.
Køyrande på riksvegen frå Straume og Kolltveit kan ta av riksveg 555 som normalt og køyra opp Bildøybakken.
Ved sprengning vert trafikken stansa i ein kort periode. Det vert varsla i god tid før sprenging. Busshaldeplassen på Bildøy bru i retning Straume vert ikkje i bruk i arbeidsperioden. Bussane snur og køyrer ned igjen via Blommen og gjennom Kolltveittunnelen.
Vil sikra stabilt køyremønster
Det vert gjennomført anleggsarbeid i området i ulike periodar framover mot 2028. Det tek tid før trafikantane tilpassar seg endringar. Dette kan igjen føra til mellombelse køar og auka risiko for trafikkfarlege situasjonar.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Publisert 20.12.2024 13.15