Bli kjent med tiltak retta mot barn, unge og familiar!

Øygarden kommune presenterer i desse dagar ein publikumsmodul som viser tilboda som er retta mot barn, unge og familiar i Øygarden. La Linea er eit viktig verktøy i arbeidet med tidleg innsats og førebygging.

Einingsleiar Berit Algrøy og avdelingsleiar Svanhild Karin Forland - Klikk for stort bileteEiningsleiar Berit Algrøy og avdelingsleiar Svanhild Karin Forland.

Det er avdelingsleiar i eininga Barn, unge og familietenesta (BUFT), Svanhild Karin Forland, som i samarbeid med Helthline har tilpassa modulen og lagt inn tiltak for Øygarden kommune. Her finn du meir informasjon om tidleg innsats og førebyggjande folkehelse i Øygarden.

- Via denne modulen får kommunen oversikt og kan gje rett teneste og tiltak til rett person til rett tid. La Linea kan dermed vera eit system som hindrar ressurssløsing, seier Forland.

La Linea set fokus på kritiske tidspunkt og overgangar til barn og unge. Forsking viser at rett førebygging og tidleg innsats er viktig for den fysiske og psykiske helsa seinare i livet.

- Dersom du har eit barn eller er gravid, kan du via La Linea finna ut kva tilbod som finst i Øygarden. Du kan til dømes bli kjent med kva tilbod den enkelte skule har av antimobbeprogram, seier einingsleiar Algrøy.

Systemet er delt inn i fire modular: kunnskap, planlegging, implementering og publisering. La Linea-modulen gjer det enkelt å halda oversikt og rapportera til kommunestyret og innbyggjarar gjennom eigen publikumsmodul. 

Dette kan gjera det lettare å dela kunnskap og å samkøyra rett innsats til rett tid. Det kan også bidra til at færrast mogeleg ”ramlar av lasset” i løpet av barne- og ungdomstida. Det vert ein levande plan for tidleg innsats og folkehelse.

- Ta gjerne kontakt om det er ønske om utfyllande og ny informasjon på publikumsmodulen for kommunen vår, seier Svanhild Karin Forland. Send e-post til: post.lalinea@oygarden.kommune.no


Tekst og foto: Vigleik Brekke