Brannen på Straume: Eín familie overnattar på hotell

- Det er ordna med alternativ innlosjering for fleire familiar etter brannen på Botnafjellet på Straume. Det seier fungerande kommunedirektør Marius Sylta.

Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik er glad for at brannen vart sløkt på kort tid og at ingen var fysisk skadde.

Eín familie får tilbod om hotellplass på Ågotnes Hotell. Dei andre familiane som er evakuerte frå bygget, har ordna med anna overnatting. Ingen vart fysisk skadde som følgje av brannen.

Det er Bustadstiftinga som eig det brannskadde rekkehuset. Brannen vart meldt like etter klokka 12 på torsdag og sløkt om lag klokka 12.50. Fleire av husværa er har fått skader som følgje av brannen.

Marius Sylta er glad for at det kom på plass eit evakueringssenter på kort tid.

- MO-senteret like ved vart nytta av ein del av dei evakuerte dei første timane etter brannen. Dei som har behov for ytterlegare hjelp, kan kontakta den lokale legevakta på telefon 116117, seier han.

Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for at brannen vart sløkt på kort tid og at ingen er fysisk skadde.

-    Eg opplevde at brannmannskapa gjorde ein framifrå jobb med å få kontroll over brannen og å undersøkja alle husværa. Dei involverte tenestene i kommunen har gjort ein god og effektiv jobb, og det vert arbeidd med å sikra mellombels husvære til dei som ikkje kan flytta tilbake der dei budde, seier ordføraren.


Tekst og foto: Vigleik Brekke