Ordførar Tom Georg Indrevik presenterte fellestilrådinga.Kommunestyret behandlar saka i morgon 24. mars.
Det var ordførar Tom Georg Indrevik som presenterte forslaget som er eit fellesframlegg frå Arbeidarpartiet, MDG, Pensjonistpartiet, Raudt, SV, Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, Venstre og KrF.
- Den siste veka har vi arbeidd på tvers av dei politiske grupperingane. Vi er samde om å ta rev i segla no. Eg vil takka alle gruppeleiarane for at det vart mogleg å presentera eit fellesframlegg frå dei fleste partia, sa ordføraren.
I tilrådinga går det fram at innan Helse og velferd vert
- det ikkje eigenbetaling for tryggleiksalarm for minstepensjonistar
- koordinator for førebyggjande arbeid oppretthalde
- arbeidsoppmuntringspengar (dagtilbod) oppretthalde
- det ikkje eigenbetaling for transport til dagsenter
Kostnadene med å ikkje gjennomføra desse innsparingane innan Helse og velferd er berekna til 5,8 millionar kroner.
I Oppvekst vil formannskapet ikkje avvikla aktivitetskoordinator og ta vekk tilbodet om transport til ikkje-lovpålagde tenester i barnehage og skule. Det kostar til saman 1,35 millionar kroner å oppretthalda desse tilboda.
I kommunalsjefområdet Samfunnsutvikling vil ikkje formannskapet ta vekk ei vakant stilling i plan og heller ikkje avvikla vaktordninga i samfunnstryggleik (administrasjon). Dette kostar totalt 850 tusen kroner.
Nye innsparingstiltak
Formannskapet tilrår desse nye innsparingstiltaka:
- Slå saman leiing og drift Skålevik/Ulveset skular
- Kultur - redusera med ei stilling
- Nedtrekk bibliotek/aktivitetar
- Reduksjon i fellesfunksjonar - ytterlegare to stillingar
- Fjell Festning halvårsverknad
- Ikkje støtte til lag og organisasjonar for vaksne
Dette vil gje ei innsparing i 2025 på 5,9 millionar kroner.
Utover dette støttar formannskapet innstillinga frå kommunedirektøren.
Totalt vil ein med tilrådinga frå formannskapet få ei innsparing på 71,5 millionar kroner i 2025. I innstillinga frå kommunedirektøren var det lagt til grunn ei innsparing på 73,3 millionar kroner for dette året.
Innsparingar i 2025 om tilrådinga frå formannskapet får fleirtal i kommunestyret:
Generelle tiltak
- Restriktiv tilsettingspraksis utover spesifiserte tiltak
- Bevertning ved interne møter/kurs
- Redusert aktivitet - reiser, konferansar og kurs
Helse og velferd
- Sommarjobb for ungdom
- Aktivitet i delsentra
- Strengare praksis ved skjønsmessige vurderingar, sosialstønad
- Avvikla aksjonssenter
Oppvekst
- Redusera/avvikla eksterne kjøp av alternative læringsarena
- Prosjektstilling i barne- og familietenesta
- Vakanse i familiehelsetenesta
- Undervisningsmateriell
- Skuleturar for ungdomstrinnet
- 5. trinn, overnattingstur Fjell festning
- Vakanse i oppvekst
- Spesialpedagogar i barnehage
- Vidareutdanning, tilsette i skule
- Redusera omfang praktisk og variert undervisning i skulen
- Miljørettleiar i skulane
- Avvikla MOT i ungdomsskulane frå og med 31.07.25 – justert post
Miniprogrammet «Robust ungdom» vert oppretthalde. - Halda 20 prosent av alle langvarige vikariat ledige
Samfunnsutvikling
- Ubemanna sentralbord
- Havsportveka
- Bygdebok
- Forvaltningsplan Fjell festning
- Kjøp konsulenttenester, offentleg planlegging
- Kjøp konsulenttenester, strategisk plan for klima og energi
- Vakante stillingar, reinhald
- Vakant stilling, arealforvaltning
- Vedlikehald, bygg
- Stengja basseng, Ulveseth skule
- Stengja basseng, Fjell ungdomsskule
- Stengja terapibassenget, Rong
- Redusert drift Ågotnes grasbane
- Eigenbetaling symjing for barn og ungdom
- Vakante stillingar, eigedom
- Stand, OTD-messa
- Kyrkja, betaling for lokale
- Utsetta service ventilasjonsanlegg til 2026
- Vedlikehald park- og grøntareal
Administrasjon
- Vakante stillingar
- Ikkje ta inn vikar ved sjukdom og permisjon
- Driftsmidlar IKT
- Ikkje kjøpa inn utstyr til beredskapslager
- Førehandsval med eigne tilsette
- Avvikla kompetanse- og bemanningssenteret
- Frikjøp tilsett, KS
- Frikjøp tilsett DigiVestland
Politisk
I tillegg kjem nye innsparingstiltak (sjå avsnitt ovanfor).
I tilrådinga til kommunestyret heiter det at ein sluttar seg til kommunedirektøren si vurdering av situasjonen og støttar at det må setjast inn tiltak som gjev varige endringar i utgiftsnivået.
Det skal arbeidast vidare med strukturelle endringar i organisasjonen.
I tilrådinga til kommunestyret heiter det også:
- Kommunestyret ber kommunedirektøren greia ut konsekvensane av å innføra eigedomsskatt på næringseigedomar.
- Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane om retten til betalt lunsj, jf. Arbeidsmiljølova §10-9 kviletid
- Kommunestyret vedtek reduksjon i politisk verksemd ved å endra «Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode» §5 - Medlemmer i plan- og miljøutvalet, levekårsutvalet, kommuneplanutvalet – 6% av ordførargodtgjersla - det vert ikkje betalt møtegodtgjersle pr. møte i tillegg. Endringa gjeld frå 27.03.25.
- Kommunestyret viser til at koordineringsutvalet tidlegare har bedt om ei sak som evaluerer forskrifta, og som vert lagt fram i forkant av budsjettet for 2026.
- Kommunestyret gjev formannskapet fullmakt til å evaluera og justera forslaga sett i forhold til utvikling i økonomien innanfor totalramma i saka. Dette skal første gang skje i samband med presentasjon av månadsrapport for mars.
Her kan du lesa heile tilrådinga frå formannskapet som fekk 10 røyster og dermed fleirtal (PDF, 204 kB) (forslag som ikkje er tilrådde er merkte med raudt).
Mindretalet på eí røyst (INP) støtta eit framlegg frå INP og Sp om å vedta innsparingsforslaga på lista som er føreslått frå dei andre partia med unnatak av alle punkt som handlar om oppvekst. Desse skal opp til ny vurdering i kommunestyret i mai. Mindretalet vil også be administrasjonen å gjera greie for konsekvensane av innsparingsforslaga som handlar om oppvekst både sosialt og økonomisk. Denne utgreiinga skal presenterast i neste møte i levekårsutvalet og formannskapet.
Robert Lund (INP) presenterte mindretalstilrådinga.Retningslinjer for påkopling til offentleg vatn og avlaup
Formannskapet behandla ei sak om beløpsgrense for å innvilga fritak frå kravet til å kopla seg på vatn- og avlaupsanlegg. Det vart gjort følgjande tilråding om retningslinjer:
- Dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til offentleg vassleidning er større enn 0,75G kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning.
- Dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til offentleg avlaupsleidning er større enn 2,5G kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning.
- Dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til vass- og avlaupsleidning samla er større enn 2,5G kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning.
- Dersom det nyleg er gjort store investeringar i eksisterande private anlegg og desse anlegga fungerer tilfredsstillande, kan krav om offentleg tilknyting utsetjast med inntil 10 år.
- Summane i punkt 1, 2 og 3 er rettleiande og gjeld for bustadar.
- Utgangspunktet for vurdering av kostnaden er huseigar sin del av nødvendige investeringar i private anlegg.
- Det skal vurderast moglegheit for fellesløysingar.
Vedtaket gjeld frå vedtaksdato i kommunestyret, og erstattar tidlegare vedtak 107/20, datert 18. juni.2020.
Saka går til behandling i kommunestyret 27. mars.
Ny skisse for Fjell festning
Formannskapet vedtok å senda saka om «Fjell festning – organisering og drift» vidare til kommunestyret utan tilråding. Saka vert behandla i kommunestyret 27. mars.
Tekst og foto: Vigleik Brekke