Bruk av heimekontor fungerer godt

- Eg gjer dette fordi eg har høve til det og at det reduserer køkøyring. Det seier advokat Cathrine Tvedt Lorentzen i eigedomsutvikling som jamt over arbeider heimafrå eín eller to dagar i veka.

Med heimekontor eín eller to dagar i veka bidreg Cahtrine til betre trafikkflyt. - Klikk for stort bileteMed heimekontor eín eller to dagar i veka bidreg Cahtrine til mindre bilkøyring og betre trafikkflyt.

I går (20. juni) vedtok kommunestyret å løyva midlar til ei rekkje tiltak knytt til prosjektet «God flyt» der det er presentert 47 interne og eksterne tiltak som skal bidra til betre trafikkflyt under anleggsperioden for Sotrasambandet fram til juni 2027.

Cathrine har ein del møte knytt til jobben, men ho planlegg slik at ho «lukar ut» eín eller to dagar i veka der ho kan jobba på heimekontor. Ho bur i Fyllingsdalen og slepp unna mykje køkøyring, men det er for tida noko meir kø når ho skal heim frå jobb enn det var tidlegare. 

Ho har det som mange andre tilsette i Øygarden. Kvardagen må løysast med god logistikk.

- Eg har funne praktiske løysingar. Dei dagane eg har møte, er eg tidleg på jobb. Mannen leverer barna i barnehagen og på skulen. Eg dreg gjerne tidleg heim frå jobb og hentar barna. 

Cathrine Tvedt Lorentzen har tidlegare jobba hjå Statsforvaltaren og i privat advokatpraksis. Advokatpraksisen var under koronatida. Då var det hundre prosent heimekontor. 

- Her i Øygarden kommune opplever eg kombinasjon av jobb på kontoret og bruk av heimekontor som best for meg. Det er fint og bra for arbeidsmiljøet å vera saman med kollegaene mine fysisk. Eg jobbar i kontorfellesskap, og opplever at det er godt å jobba med konsentrasjonsarbeid på heimekontoret, seier Cathrine som har god nytte av Teams når ho jobbar heimafrå.

Ei arbeidsgruppe leia av Nina Forland Klepsvik har arbeidd med prosjektet «God flyt» denne våren. Etter kommunestyrevedtaket 20. juni handlar det no om å rulla ut dei tiltaka som er gryteklare.

Optimistisk kommunedirektør

Kommunedirektør Johnny Breivik er optimistisk og trur at både interne og eksterne tiltak vil bidra til færre bilar på vegane og dermed betre trafikkflyt. Han understrekar også at vi må vera innstilte på at trafikksituasjonen vert nokon verre før han vert betre. 

- Vi trur også at det har ein positiv effekt at tilsette i Øygarden går framfor og tek i bruk tiltaka som er lista opp. Det bør smitta over til andre arbeidsplassar. Fleire tiltak i sum kan gje eit godt resultat, meiner han.

- I kva grad vil du be folk om å jobba på heimekontor?  

- Det ei avgrensa gruppe som har høve til å nytta heimekontor. Det er ikkje snakk om pålegg, men eg vil gjerne minna om at vi legg til rette for at tilsette kan jobba heime ein dag eller to i veka. Det er viktig at dette vert avklart med næraste leiar, seier kommunedirektøren som minner oss om at frå juni 2027 vil Øygarden få ein fantastisk flott og moderne veganlegg.

Her er nokre av dei interne tiltaka:

  • Aktiv bruk av fleksitidsreglementet. Normalarbeidstida er klokka 08.00-15.30 for dei som ikkje er omfatta av særavtalar. Det vert oppmoda om i større grad å nytta kjernearbeidstid på fire timar (kl. 10.00-14.00) for dermed å redusera trafikkbelastninga i rushtida.
     
  • Tilsette som har høve til det, vert oppmoda om å arbeida fleire dagar på heimekontor. Dette må avklarast med næraste leiar.
     
  • Auka bruk av intern samkøyring og bruk av Nabogo.
     
  • Fysiske møte på sentrale lokalsjonar i Straume-området skal i utgangspunktet gjennomførast mellom klokka 10.00 og 14.00.
     
  • Det vert oppmoda til meir bruk av Teams og hybride møte der ein kombinerer fysiske møte og Teams. 
     
  • Andre tiltak som kan bidra til smartare jobbkvardag er god og effektiv møtekultur, færre møte, færre deltakarar og reduksjon av «overlevering» av informasjon på fysiske møte. 



Tekst og foto: Vigleik Brekke