Budsjett 2025: Befolkningsendringa får konsekvensar

- Øygarden kommune må oppdatera barnehage- og skulestrukturen og laga plan for utvikling av eldreomsorga. Det sa kommunedirektør Johnny Breivik då han torsdag ettermiddag presenterte budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025-2028.

Johnny Breivik på talarstolen - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik presenterte budsjettet for kommunestyret 31. oktober.

Han viste til at det er tronge tider for kommunane og at stadig fleire kommunar truleg vil hamna på Robek-lista (Robek: register over kommunar som må få godkjent årsbudsjett, nye låneopptak og langsiktige leigeavtalar).

- Øygarden skal ikkje på denne lista. Vi skal leggja vekt på  innovasjon og utvikling som ein del av løysingane. Endringar må til for å tilpassa tenestetilbodet utviklinga i samfunnet, seier kommunedirektøren. 

Alderssamansetjinga i befolkninga viser at talet på eldre innbyggjarar aukar samstundes som talet på barn og unge minkar. Difor har Øygarden kommune behov for ny barnehage- og skulestruktur og  plan for opptrapping og utvikling av eldreomsorga. Det er utarbeidd ei eiga sak om barnehage- og skulestruktur. 

Kommunedirektøren seier at omstillinga i oppvekstsektoren også handlar om å snu ein trend der stadig fleire barn og unge har behov for spesialpedagogiske tiltak, bistand frå barnevernet eller opphald i fosterheimar. 

- Den nye barne- og familietenesta er difor både etablert og styrkt for å jobba meir systematisk, førebyggjande  og tverrfagleg, sa kommunedirektøren.

I budsjettet er helse- og omsorgstenesta er styrkt kraftig. Dette gjeld mellom anna etablering av heildøgns omsorgsplassar ved Straume bu- og servicesenter, Hidlamyra og bygging av nytt omsorgssenter med inntil 80 nye plassar sentralt på Straume. I økonomiplanperioden er det lagt opp til investeringar på om lag 430 millionar kroner for å sikra at kommunen har tilstrekkeleg plassar til heildøgnsomsorg.

Kommunedirektøren viste også til organisatoriske endringar som har gjeve rom for å finansiera beredskapssjef i heil stilling.

- Både samfunnsutviklinga og den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa underbyggjer auka merksemd på beredskap, seier Johnny Breivik.

Andre satsingar i budsjettet er arbeidet med områdeplanen for Stovevatnet, omfattande utviding av energiparken og etableringa av innovasjonsarenaen Framtidssamfunnet.

Nokre nøkkeltal

Budsjettet vert lagt fram med eit netto driftsresultat på 19 millionar kroner. Driftsresultatet skal etter planen aukast gradvis til 59 millionar kroner i 2028.  Då har ein oppnådd resultatkravet om netto driftsresultat på minst 1,75 prosent av inntektene. Disposisjonsfondet skal også gradvis byggjast opp i økonomiplanperioden.

Det er føreslått å investera for 214 millionar kroner i 2025.

Gebyr knytt til ØyVAR er føreslått slik:

  • Vatn + 7,0 prosent
  • Avløp - 7,1 prosent
  • Hushaldningsrenovasjon + 16,0 prosent

Barnehage- og skulestruktur   

Denne saka med tilråding til framtidig struktur har vore ute på høyring. Det kom inn 82 høyringsinnspel. På bakgrunn av innspela er den administrative tilrådinga endra på nokre punkt når det gjeld skulestrukturen. 

Ei av endringane i forhold til tilrådinga som vart lagt fram i juni, er at lokalisering av ny skule på vestsida er endra til Ulveset. Dette inneber at elevane som soknar til Skålevik skule og Ulveset skule flyttar inn i ny skule på Ulveset. Nye Fjell ungdomsskule er allereie under planlegging, og forventa ferdig i 2027.

Det er tilrådd at barnehage- og skulebruksplanen vert rullert kvart 4 år. I forkant av rulleringa bør det hentast inn oppdaterte elev- og folketalsprognosar.

Her er saka om barnehage- og skulebruksplan 2024-2040.  (PDF, 11 MB) Saka vert først behandla i levekårsutvalet 6. november. 

Tidslinje for barnehage- og skulebruksplan - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke