Byggesak tar grep

- Vi må utvikla effektive og smarte måtar å arbeida på. Det seier Kari Lie som frå 1. august tok til som prosjektleiar for utvikling byggesak i Øygarden kommune.

Kari Lie arbeider med å utvikla gode rutinar og arbeidsmåtar i byggesak. - Klikk for stort bileteKari Lie arbeider med å utvikla gode rutinar og arbeidsmåtar i byggesak.


Byggesak behandlar alle typar byggjesøknader, både store og små. Utfordringane for innbyggjarane kan både vera å få kontakt med kommunen og få behandla søknadene og sakene så raskt som mogleg. Politisk har ein vore oppteken av dette.

- Vi må evaluera måten vi arbeider på og finna ut korleis vi kan bruka ressursane best mogleg for å få gode tenester for innbyggjarane. Dette har høg prioritet hjå oss, seier einingsleiar for byggesak, tilsyn og miljøforvaltning, Reidun Våge Danielsen.

Kari Lie har vore saksbehandlar på byggesak og den siste tida konstituert avdelingsleiar for klage, tilsyn og miljøforvaltning.

No nyttar ho all si tid på å utvikla gode rutinar og arbeidsmåtar i byggesak.

- Vi kan ikkje berre laga langsiktige planar for dette. No handlar det om å få på plass strakstiltak der innbyggjarane opplever at vi er godt tilgjengelege og jobbar smart og effektivt.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke